Årsaka er at skulen ikkje er blitt samde med Utdanningsforbundet om ein tariffavtale.
Utdanningsforbundet meiner skulen tilbyr uakseptable arbeidsvilkår, blant anna når det gjeld arbeidstid og pensjon.
- På kvar vår planet
Leiar i Utdanningsforbundet i Hordaland, Ingunn Alver, seier at halvparten av skulen sine lærarar vil gå ut i streik 21. november, dersom mekling ikkje fører fram.
- Nett no står me på kvar vår planet når det gjeld oppfatning av røynda, fortel ho.
Etter fire rundar med forhandlingar har partane enno ikkje kome til semje.
- Det er enno ikkje for seint å finna ei løysing, og me håpar inderleg at me greier det, presiserer Alver.
Trur ikkje på streik
Dagleg leiar i Akademiet AS i Bergen, Terje Risa, har ikkje tru på streik.
- Eg trur at Utdanningsforbundet raslar litt med sablane no fordi dei ønskjer vidare framdrift i tariffavtalane, seier han.
Ønskjer ein avtale
Akademiet har no meldt seg inn i ein arbeidsgjevarorganisasjon. Eigarstrukturen til skulane har gjort at forhandlingane har skjedd lokalt, men no håpar Risa at partane kan heva forhandlingane til eit sentralt nivå.
- Akademiet ønskjer å gå vidare, og me ønskjer å få til ein tariffavtale med Utdanningsforbundet, avsluttar han.