Hopp til innhold

Camilla fylte bilen med klede for å hjelpa fattige i vinterkulda

Ti dagar med kuldegradar har vore tøft for mange i Bergen. Camilla Vågen Storli frå Kvam fylte stasjonsvogna med varme klede for å hjelpa.

Klede til Strax-huset

PROPPFULLT: Karoline Mjanger (t.v.) fekk knapt plass i bilen til Camilla Vågen Storli. – Eg hadde ikkje plass til meir. Folk gav så mykje, seier Storli.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Storli bur og arbeider på Sotra, men kjem frå Vikøy i Kvam. Med seg frå heimturen i helga hadde ho ei proppfull stasjonsvogn.

Saman med arbeidskollega Karoline Mjanger leverte 23-åringen denne veka eit trettitals posar med vinterklede frå skap og loft i Hardanger til brukarar av lågterskeltilbodet Strax-huset på Laksevåg i Bergen

Strax-leiar Hugo Torjussen fortel at Strax-huset tek imot klede heile året, men dei merkar at talet på velgjerarar stig i periodar med kulde.

– Mange har rydda i skapa sine, og spør om me kan ta kleda inn til utdeling. Bidraga hjelper brukarane våre i stor grad, seier han.

Torjussen seier fleire også deler ut klede til rusmisbrukarar på eige initiativ. Slikt varmar einingsleiaren.

– Når det er kaldt, trur eg engasjerte personar kjenner det litt på kroppen og får lyst til å gjera noko ekstra, seier Torgersen.

Klesinnsamling Strax-huset

LASSEVIS: Camilla Vågen Storli og Karoline Mjanger leverte eit trettitals posar sko, luer, vottar, skjerf og diverse jakker til Strax-huset denne veka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Folk likar å hjelpa

Bidraga frå Storli og Mjanger har kome frå familie, vener og ei gruppe gjevarglade på Facebook. Til saman har om lag femten personar bidrege.

– Det tok to dagar frå eg posta innlegget til stasjonsvogna var full. Folk likar å hjelpa, konstaterer Storli.

Førre veke søkk temperaturen i Bergen sentrum ned til åtte kuldegrader. Denne veka melder Meteorologisk institutt nullføre og snøbyger i Bergen, før gradestokken skal krypa nedover att til helga.

Storli og Mjanger er glade for at mange engasjerer seg for å gjera kvardagen betre for personar som slit med rus.

– Mange rusmisbrukarar har ikkje så mykje, og det er ei gruppe det kanskje er lett å gløyma, seier Mjanger.

Marcos Amano

FLEIRE HEIMLAUSE: Marcos Amano ved Robin Hood-huset melder om ei auke i talet på gjester i juletida. Fleire har vore nøydde å sova ute, seier han.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Høgt tal på vanskeligstilte

Også andre stader i Bergen merkar ein kulden på kroppen.

Marcos Amano er leiar ved Robin Hood-huset, der kring hundre heimlause og vanskelegstilte kvar dag er innom for å eta og nytta fasilitetane.

Amano seier den siste tida har vore tøff for dei heimlause. Akuttovernattingstilbodet til Kirkens Bymisjon har vore stengt sidan midten av desember, og opnar ikkje før neste veke.

Til vanleg har det vore færre vanskelegstilte i Bergen i jula. I år har talet vore stabilt høgt, ifølgje Amano.

Situasjonen har ført til at heimlause har vore nøydde å finna mellombelse opphaldsstader om natta.

Les også: Her er pågangen av fattige enorm

– Mange har sove ute

Avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, Eiel Holten, seier dei ikkje har fått kritiske tilbakemeldingar om at tilbodet er sakna.

– Me opnar tilbodet som vanleg på måndag, seier Holten.

Det ser Amano fram til.

– Mellom ti og femten personar har truleg vore nøydd til å sova ute den siste tida. Dei har hatt ein del tøffe netter, seier Amano.