Hopp til innhold

Samanslåtte fylke må kutta hundrevis av millionar – skular og vegprosjekt står i fare

Økonomien til nye Vestland fylke blir så stram at den komande fylkesrådmannen føreslår å kutte investeringsbudsjettet med over 400 millionar kroner neste år.

Opning av Folkedalstunnelen på fv. 7 i Hardanger i 2015

NY TUNNEL: Folkedalstunnelen på Fv. 7 i Hardanger opna i 2015. Framleis er det smale og stygge parti langs fjorden som skal utbetrast, men no blir planane utsette.

Foto: Tale Hauso / NRK

Under eit år etter at regionreforma blei banka gjennom, ligg det an til kutt i investeringar i fleire av fylka som skal slå seg saman.

I Vestland fylke blir det lagt opp til å forskyva investeringar på nesten ein halv milliard kroner.

– Vi føreslår å halde litt igjen på prosjekt som ikkje er begynte på og forskyve dei med eit år. Det gjeld mellom anna vidaregåande skular, seier prosjektleiar for samanslåinga og komande fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Rune Haugsdal

FØRESLÅR KUTT: Prosjektleiar for samanslåinga og komande fylkesrådmann i Vestland, Rune Haugsdal.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Kutt i fleire komande storfylke

Dei føreslåtte kutta i Vestland er ikkje unike. Også i Troms og Finnmark blir allereie vedtekne investeringar i skule og samferdsle kutta eller utsette.

KS har allereie åtvara mot at låge utbetalingar frå staten kan gi dei nye regionane lite handlingsrom i den kritiske oppstartsfasen. Vidaregåande opplæring, kollektivtilbod og vegvedlikehald er dei største utgiftspostane for fylkeskommunane, og dermed områda som står lagleg til for hogst.

I forslaget som skal handsamast av fellesnemnda for nye Vestland fylke denne veka, blir alle planlagde prosjekt som ikkje er starta opp, sette på vent.

Saman med reduksjon i løyvingar til fleire samlepostar, vil det spare det nye fylket for investeringar for 418 millionar kroner i 2020.

Vidaregåande skular må vente

Blant prosjekta som kan bli utsette eit år er planlagde prosjekt ved fleire vidaregåande skular:

  • Mo og Øyrane vidaregåande skule
  • Stord vidaregåande skule
  • Bømlo vidaregåande skule
  • Laksevåg vidaregåande skule
  • Ufordelt pott til nye prosjekt, blant anna skulebygg i Sogn og Fjordane

Dermed må elevar truleg vente endå lenger på blant anna nybygg og rehabilitering av skulane sine.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

– VELDIG UHELDIG: Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) meiner det vil vera katastrofalt for kommunen om prosjektet ikkje blir noko av.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ein dødsdom for vegen

Ei av vegstrekkjene som truleg må vente, er fylkesveg 614 mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger kommune. Kystvegen blei freista stoppa av fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane før jul, fordi prislappen på prosjektet hadde stige med over 400 millionar. Då blei det stoppa av fylkespolitikarane.

No føreslår prosjektleiaren for Vestland igjen å utsette prosjektet.

– Det er veldig uheldig for vår del av kysten. Vi hadde håpa at dette var i boks etter vedtaket i fylkestinget i fjor haust. Vegvesenet har fått klarsignal til å starte med prosjektering og regulering, og no ventar vi berre på startløyvinga, seier ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (H).

I saksframlegget skriv prosjektleiar at det kan vere naudsynt å prioritere vekk nokon av investeringsprosjekta på sikt.

– Det vil vere helt katastrofalt for Bremanger kommune og utviklinga av næringsliv og samferdsle på vår del av kysten om dette prosjektet ikkje blir noko av.

Kø i Hardanger

KØ: Fv. 7 er omkøyringsveg for E16. Når trafikken på den sterkt trafikkerte stamvegen til Bergen skal innom Hardanger, blir det fort kork.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Omfattande vegprosjekt blir sett på vent

Også fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug kan bli sett på vent. Ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Alis Berge Stang (V), meiner det er den verste vegstrekninga i Sogn og Fjordane i dag.

– Eg kan ikkje understreke kor mykje det hastar å kome i gang med utbetringa. Om det blir prioritert vekk, er det nærast ein dødsdom for oss.

I Hordaland må strekninga Øystese-Granvin truleg også vente eit år til. Deler av vegen er svært smal, og fylkesrådmannen i Hordaland har tatt til orde for at vegstrekninga bør ha høgaste prioritet i åra framover.

I vinter bad fylkespolitikarane staten om hjelp for å rusta opp vegen, som er omkøyringsveg til den sterkt rasutsette E16.

Gunhild Berge Stang

DØDSDOM: Ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Alis Berge Stang (V), kallar det ein dødsdom dersom opprustinga av Fv. 57 blir prioritert vekk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Opp til politikarane

Om forslaget får støtte av politikarane i fellesnemnda, betyr det at prosjekta tidlegast vil få pengar i 2021.

– Mitt utgangspunkt er at prosjekta skal realiserast, men tidspunktet kan ein få ein diskusjon på, seier prosjektleiar Rune Haugsdal.

Han er klar over at det er eit stort engasjement rundt fleire av prosjekta lokalt, men viser til at den økonomiske situasjonen til den nye fylkeskommunen vil vere krevjande.

– Eg vil ikkje gå inn og peike på konkrete prosjekt og sei kva som eventuelt må ut, men ei konstruktiv tilnærming vidare er å sjå på tidspunkta for igangsetting opp mot fylkeskommunen sin totaløkonomi.

Han understrekar at prioriteringane er det fylkespolitikarane i det nye fylket som må gjere.

Ei rekke andre samlepostar på investeringsbudsjettet til Vestland fylke blir også føreslått kutta neste år.