Frykta at drapssikta (17) hadde rømt frå fengselet

17-åringen som er sikta for Varhaug-drapet, hoppa over eit gjerde og forsvann for fengselsbetjentane i eit kvarter.

Bergen Bjørgvin fengsel, ungdomsenheten

FRYKTA RØMMING: Politiet rykka med fleire patruljar i går etter meldingar om mogleg rømming frå ungdomseininga i Bjørgvin fengsel i Bergen.

Foto: Stein J. Bjørge / Aftenposten

Politiet rykte ut med fleire politipatruljar då det måndag kveld vart slått full alarm om at ein innsett i Bjørgvin fengsel i Bergen var borte.

Det var frykta at ein fange frå ungdomsavdelinga var på rømmen, men etter eit kvarter vart den innsette funnen igjen innanfor fengselsgjerda.

Det var VG som først melde at fangen som forsvann for fengselsbetjentane var den sikta 17-åringen etter Varhaug-drapet.

– Vi kan bekrefte at hendinga i går omhandla den sikta i Varhaug-saka, seier etterforskingsleiar Bjørn Kåre Dahl til NRK.

Varsla i går

17-åringen sit i varetekt i ungdomsavdelinga i Bjørgvin fengsel, sikta for drap på 13 år gamle Sunniva Ødegård på Jæren i Rogaland.

– Synest politiet det er kritikkverdig at fengselet mistar kontroll over sine fangar?

– Vi vart varsla om hendinga då situasjonen var under kontroll. Det er vi tilfreds med. Utover det handterer fengselet dette vidare og vi har ingen ytterlegare kommentarar, svarar Dahl.

Forsvarar Tor Inge Bergersen bekreftar også til NRK at det var hans klient som forsvant for fengselsbetjentane i går kveld, men han ynskjer ikkje kommentera saka utover det.

Assisterende fengselsleder Per Erik Omdal i Bjørgvin fengsel

BEKLAGAR: Assisterande fengselsleiar Per Erik Omdal seier til NRK at fengselet går gjennom interne rutinar og kontroll etter hendinga måndag kveld.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Kom seg over eit gjerde

Politiet rykte ut med fem-seks patruljebilar og sjekka mellom anna bilar som passerte ved Breisteinskrysset på E39 i Åsane. Aksjonen vart avslutta klokka 20.20.

NRK får opplyst av Bjørgvin fengsel at det vart slått full alarm då fangen var borte. Etter ti til 15 minutt hadde dei kontroll på 17-åringen igjen.

Han vart funnen igjen på uteområdet.

– Vi har både eit indre og eit ytre gjerde i fengselet og han kom seg over eit indre gjerde. Vedkommande var inne på fengselsområdet heile tida, seier assisterande fengselsleiar Per Erik Omdal til NRK.

Fangen skal ha forklart at han ikkje hadde tenkt å rømme, men at han ville gøyme seg.

– Vi beklagar det som har skjedd. Fengselet går no gjennom interne rutinar og kontroll for at dette ikkje skal skje igjen, legg Omdal til.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon