Hopp til innhold

Forsvaret vil ha festningen i fred

BERGENHUS FESTNING (NRK): Byrådet i Bergen vil gjera festningen om til parkområde i framtida. Det protesterer Forsvarsbygg mot.

Parken rundt Bergenhus festning og Koengen

GRØNTOMRÅDE: I den nye arealplanen for Bergen kommune er festningsanlegget Bergenhus festning og Koengen teikna inn som grøntområde.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I dag er Bergenhus festning ein fin park som er open for alle, og den store sletta på Koengen er ein kjend konsertarena der til dømes David Bowie, Foo Fighters og Rolling Stones har spela.

Men dette er også eit festningsanlegg, og Forsvaret brukar dagleg dei militære bygga på området.

– Det finst ingen planar for å endra eller flytta den verksemda som Forsvaret har der i dag, seier Bjørn Bergesen, som er leiar for arealplan-teamet i Forsvarsbygg.

Kanonene ved Bergenhus festning

EI AVVEGING: Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti seier det er ei avveging mellom publikum og dei særskilde interessene til Forsvaret.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Forsvaret eller folk flest?

I den nye arealplanen for Bergen kommune er festningsanlegget Bergenhus festning og Koengen teikna inn som grøntområde.

Forsvarsbygg fryktar at dersom området vert endra frå å skulla nyttast til sentrumsføremål til grøntføremål, så vil dette hindra den militære aktiviteten på området bak Håkonshallen.

I høyringssvaret frå Forsvarsbygg til kommunen skriv dei: «Grøntstruktur signaliserer allmenhetens tilgang og strider derfor med den militære funksjonen».

– Når det gjeld Bergenhus så er det ei avveging mellom at det er mest mogleg tilgjengeleg for publikum og dei særkjelde interessene som Forsvaret har, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti.

Det er ho som har ansvaret for framlegget til arealplan. Og legg til at omsynet til kulturminne og slitasjen på det, også må vera med i reknestykket.

Forsvarsbygg vil protestera

Forsvarsbygg varslar at dei kjem til å koma med motsegn mot denne delen av planen, men Bergesen det betyr ikkje at dei ynskjer å avgrensa tilgangen til parken for innbyggjarane:

– Me ynskjer i utgangspunktet ikkje at bruken av festningen og Koengen skal endrast. Det viktige er at den nye planen ikkje må avgrensa aktiviteten til Forsvaret.

Høyringsfristen var 31. desember. Snart skal Tryti og kommunen i møte med Fylkesmannen. Der skal dei gå gjennom alle innvendingane mot planen.