Forsvaret har detonert torpedoane frå KNM «Helge Ingstad»

Minedykkarkommandoen til Sjøforsvaret har fjerna alle torpedoane og sjømålsmissilane som var om bord i KNM «Helge Ingstad». Alle torpedoane er detonerte.

Undervassvideo frå Forsvaret

VIDEO: Sjøforsvaret

Halvparten av torpedoane vart torsdag ettermiddag detonert i Hjeltefjorden. Resten blei detonert i dag.

– Fordi torpedoane var skada har Forsvaret og leverandøren kome fram til at sprenging er det beste alternativet, seier Christian Couillault, nestkommanderande for Minedykkarkommandoen som utførte oppdraget.

Forsvaret vil ikkje ut med kva torpedoane som gjekk i lufta i dag er verdt.

– Det kan eg ikkje kommentere, seier Couillault.

Vasskader

Batteria i torpedoane er skadd etter å ha lege lenge under vatn.

– Dei sjøvassaktiverte batteria i torpedoane kan reagera i kontakt med luft og forårsaka brann og helseskadeleg røyk. Derfor ønsker me å vera føre var, seier orlogskaptein Bengt Berdal, sjef Minedykkarkommandoen (MDK).

KNM «Helge Ingstad» grunnstøytte 8. november like ved Stureterminalen i Hjeltefjorden. Forsvaret førebur heving av fregatten, men vêrtilhøva har førebels hindra operasjonen.

Detonering av torpedoar frå KNM Helge Ingstad i Hjeltefjorden

For stor risiko å venta

Sjøforsvaret og Forsvarsmateriell vurderer eksplosivane som stabile. Likevel vurderte dei at risikoen for personell ville vera for stor viss torpedoane skulle blitt frakta til land for reparasjon.

– Det er knytt usikkerheit og risiko til handtering av skadd ammunisjon. I dette tilfellet er omsynet til personellsikkerheit vekta høgare enn gevinstane ved ei vidare handtering av torpedoane. Ut frå grundige faglege vurderingar av tilstand og alternativ vart det avgjort å detonera torpedoane, seier Berdal.

Annan ammunisjon som framleis er om bord i fregatten skal også ut. Det blir fortløpande vurdert kva som kan og bør bli henta ut før hevinga, og kva som kan venta til fregatten er transportert til Haakonsvern, melder Forsvaret.

Detonering av torpedo frå KNM Helge Ingstad

EKSPLOSJON: Torpedoane blei detonerte i Hjeltefjorden torsdag.

Foto: Forsvaret

Hemmeleghald

Forsvaret vil ikkje oppgi kor mange torpedoar det er snakk om, då det vil avsløra ein viktig militær kapasitet for fregattane. Også den totale kostnaden for kjøp av torpedoane er gradert informasjon.

Forsvaret har innhenta vurderingar og råd frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Kystverket, og andre instansar for å vareta miljøomsyn i samband med detoneringa. Miljødirektoratet har innvilga søknaden om tiltaket, skriv Forsvaret.

Sjå meir av dykkeoperasjonen her: