Hopp til innhold

Forsvarar etter knivdrap: – Det gjekk tungt inn på han

Mannen som er sikta for knivdrapet i Bergen fredag visste ikkje om dødsfallet før forsvararen fortalde det. I dag møter han til avhøyr. – Spørsmålet om straffskuld har førebels ikkje vore tema.

Politi på Circle K, Danmarks plass

ÅSTADEN: Videoovervakinga viser ifølge politiet kven som påførte den avdøde fleire knivstikk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det seier advokat Jørgen Riple, som den drapssikta mannen etter eige ønske har fått som forsvarar. Dei hadde eit kort møte laurdag kveld.

– Eg helste på han og hadde ein innleiande samtale. Spørsmål rundt straffskuld har ikkje vore tema, seier Riple til NRK før han går inn til eit nytt møte med klienten, som er i byrjinga av 20-åra.

Ni andre menn i 20-30-åra er sikta for kroppskrenking etter at ein 28 år gammal mann blei knivstukke i eit masseslagsmål fredag kveld. Han blei erklært død på Haukeland universitetssjukehus ein time seinare.

Slagsmålet skjedde ved bensinstasjonen Circle K Viken ved Danmarks plass.

Politiet opplyste laurdag at overvakingskamera fanga opp drapet.

– Tung beskjed

Riple seier klienten hans ikkje var gjort kjend med at 28-åringen var død før han informerte han om det.

– Det gjekk tungt inn på han og prega samtalen, så det var ikkje naturleg å gå inn på kva som eigentleg skjedde på bensinstasjonen.

Advokat Jørgen Riple

FORSVARAR: Advokat Jørgen Riple forsvarar 28-åringen som er sikta for knivdrap.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Den drapssikta skal bli avhøyrd søndag ettermiddag, og før det har Riple ein ny og lenger samtale med han.

– Då skal me snakka om dei tema politiet kjem til å spørja han om, altså kva som skjedde på bensinstasjonen og kva som var grunnen til at dei møttes der.

Kjende kvarandre

Riple vil ikkje kommentera om offeret og den drapssikta er i slekt.

– Men etter det eg veit har dei ein relasjon.

Riple har hjelpt mannen ein gong tidlegare.

– Det var eit bagatellmessig forhold som så vidt eg forstår vart lagt vekk. Det er ukjent for meg om han har ein tidlegare straffehistorikk.

– Familien tar det tungt

Arild Dyngeland er bistandsadvokat for familien til den avdøde. Han har laurdag og søndag snakka med mora, søstera og broren.

– Dei tar det sjølvsagt svært tungt at han døydde under så dramatiske omstende. Dei reagerer med vantru og forstår ikkje heilt kva som har skjedd.

Han vil ikkje kommentera kva relasjonar den døde hadde til dei ti som er sikta.