Hopp til innhold

Mann drepen i knivstikking i Bergen

Ein mann døydde av skadane han fekk av knivstikking i eit slagsmål på Danmarks plass i Bergen.

Politi på Circle K, Danmarks plass

SLAGSMÅL: Politiet rykket ut med store ressursar etter meldinga om knivstikking fredag kveld. Natt til laurdag vart ein mann i 20-åra erklært død på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Klokka 21.30 fredag kveld fekk politiet fleire meldingar om at fem til ti personar var involvert i eit slagsmål ved bensinstasjonen Circle K Viken ved Danmarks plass, og i undergangen under trafikkrysset.

Politiet rykka ut med fleire patruljar.

Ein mann i 20-åra var skadd etter knivstikking, og politiet køyrde han til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus med ukjend skadeomfang.

Seinare på natta blei han erklært død på sjukehuset.

Pårørande er varsla, melder politiet i ei pressemelding.

– Vi etterforskar saka for fullt. Saka blir etterforska som drap, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til NRK.

Undergangen på Danmarks plass

UNDERGANG: Slagsmålet var både på bensinstasjonen på Danmarks plass og i undergangen under trafikkrysset. Slik såg undergangen ut laurdag morgon.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Fleire arresterte

Fleire menn i 20-30-åra er arresterte og vil bli avhøyrde. Politiet vil ikkje opplyse kor mange.

Det skal også vere vitne til hendinga.

– Arrestasjonane kom etter etterforsking på staden og opplysningar vi har fått. Vi sette mange patruljar på saka og kontrollerte dei vi trefte på, seier Algrøy til VG.

Vitne fortel til BA at slagsmålet skjedde utanfor vaskehallen, og at fleire sprang til for å hjelpa den knivskadde mannen.

Politi utenfor Circle K, Danmarks plass

DØDE: Slagsmålet skal ha skjedd ved Circle K på Danmarks plass.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tilsett hjelpte den skada

To personar var på jobb på bensinstasjonen då knivstikkinga skjedde.

– Fleire personar sprang til for å hjelpe den skadde mannen som låg på bakken, deriblant ein av dei to tilsette som var på jobb hos oss, sier pressetalsmann Knut Hansen i Circle K til NRK.

– Begge er sterkt prega av hendinga, og vi ber om forståing for at dei to blir beskytta, seier Hansen til NRK.

Stasjonen har videoovervaking, og politiet har sikra seg videomateriale. Det er ukjend om videoen viser sjølve knivstikkinga.

Omringa stasjonen

Etter knivstikka var det ein større politiaksjon der fleire patruljar og ekvipasjar søkte i nærområdet etter gjerningsmennene. Politiet omringa bensinstasjonen, vitne blei avhøyrde og krimteknikarar gjorde undersøkingar på staden.

Politiet bad vitne til hendinga og andre som kan ha opplysningar i saka om å ta kontakt.

Det blir gjort krimtekniske undersøking av åstaden.

Det vil ikkje bli gitt ny informasjon om saka før ut på dagen laurdag, melder politiet.

Slagsmålet gjekk føre seg på Danmarks plass i Bergen.