Hopp til innhold

Forskarar: – Vi dummar oss ut ved ikkje å gi utviklingshemma jobb

Økonomiprofessor Victor Norman meiner staten vil spara pengar på å få fleire utviklingshemma i jobb. Men avviser at kommunen bør ta over ansvaret for at det skjer.

Den vernede bedriften Nordnes Verksteder

I KØ: Over 5000 psykisk utviklingshemma står i kø for å få ein slik jobb som Magnud Godvik og Synnøve Andersen har. Her ved Nordnes Verksteder.

Foto: Siri Løken / NRK

– Det er tragisk for dei det gjeld. Og så er det dumt for det offentlege, for det offentlege tapar pengar på dette, seier økonomiprofessor Victor Norman ved NHH.

Han er tidlegare arbeidsminister for Høgre, men sit no som styreleiar for ASVL, arbeidsgivarforeininga til landets vekstbedrifter.

Som NRK fortalde i går har det blitt vanskelegare for psykisk utviklingshemma landet rundt å få tilrettelagd arbeid. Over 5000 står i kø for å få plass i det som tidlegare vart kalla verna bedrifter.

– Vi har stilt oss i eit dumt hjørne

Norman meiner staten vil tena på å få fleire utviklingshemma i jobb..

- Folk som sit stille og ikkje gjer noko, anten i ein leilegheit eller på eit dagsenter, kostar samfunnet mykje meir enn folk som er i arbeid. Folk i arbeid bidreg til verdiskapinga og er også lukkelegare.

– Vi har stilt oss sjølv i eit dumt hjørne, der vi dummar oss ut økonomisk og gjer skade på personar, seier professoren.

Victor Norman

Økonomiprofessor Victor Norman ved NHH.

Foto: NRK

Meiner det står på politisk vilje

Norman får støtte frå professor og forskar ved NTNU, Jan Tøssebro.

Dei meiner begge det står på politisk vilje til å løyva pengar til fleire tiltaksplassar.

– Verken dei sjølv eller samfunnet er tent med at så mange går utan jobb, seier Tøssebro.

Mellom dei 48 personane som har tilrettelagd arbeid i Nordnes Verksteder i Bergen, er dei aller fleste psykisk utviklingshemma. Bedrifta aleine har 20 utviklingshemma på ventelista.

Med meir midlar kunne dei sysselsett fleire.

Ane Linn Båtevik

Ane Linn Båtevik har arbeid ved Nordnes Verksteder i Bergen. - Eg veit ikkje kva eg hadde gjort om eg ikkje hatt fått ein plass her.

Foto: Siri Løken / NRK

Åtvarar mot at kommunen får ansvaret

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie fortel at regjeringa skal i gong med eit prøveprosjekt der dei vil gi kommunane ansvaret for å skaffa utviklingshemma jobb.

"Målet er at flest mogleg som kan og ønsker å jobba, skal få moglegheita", skriv ministeren til NRK.

Fordi kommunane har ansvar for alle andre tenester, kan dei sjå heile brukaren under eitt, fortel leiar i sosialkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp).

– Kommunane er også meir lokale og kan tilpassa. Vi håpar det er med på gi dei psykisk utviklingshemma eit enno betre tilbod, seier Njåstad.

Gro Hauge i Nordnes Verksteder

Gro Hauge har ryggmargsbrokk og sit i rullestol. Etter 16 år heime fekk ho tilrettelagd jobb her ved Nordnes Verksteder. Ho seier samhaldet og det gode miljøet på jobben har endra livet hennar i positiv retning.

Foto: Siri Løken / NRK

Men Normann åtvarar sterkt mot at kommunane skal få ansvaret.

Kommunane kan ikkje gjera ein betre jobb. Og det blir ikkje meir pengar til dette formålet på offentlege budsjett ved å overføre ansvaret til kommunen. Heller tvert imot, det er fare for at det blir mindre pengar, svarar Norman.