Hopp til innhold

Ungdom er dårlegast på nettvett

Ungdom er dårlegare på nettvett enn resten av befolkninga, slår ein ny rapport fast. Dei unge sjølve er ikkje overraska over funna.

Fire ungdomar på Majorstuen skole

UNGDOM OG NETTVETT: Ein rapport frå Norsk senter for informasjonssikring slår fast at ungdom har mindre kunnskap om digital sikkerheit enn resten av befolkninga – trass i at dei er storforbrukarar av sosiale medium.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Etter å ha opplevd diverse ting, så har eg forstått at det er mange foreldre som ikkje veit i det heile tatt kva barna driv med på nett.

Stella Stenman (14) opplevde så mykje dårleg at ho melde det til politiet. Ho trur at mange ikkje er klar over at enkelte handlingar på nett faktisk er ulovleg.

– Eg har meldt folk til politiet. Det har kome som eit stort sjokk både hjå dei det gjeld og foreldra. Dei er ikkje klar over at det er ein konsekvens.

Saman med Sophie Spetalen (13), Isa Ågren (13) og Charles Levine (13) går Stella Stenman på Majorstuen skole i Oslo. Dei er ikkje overraska over at ungdom ikkje er så gode på nettvett.

– Vaksne veit at det kan vera folk som gjer galne ting på nett, som vi barn kanskje ikkje veit, seier Charles Levine.

Ungdomar på Majorstuen skole

INSTAGRAM OG SNAPCHAT: Charles Levine, Stella Stenman, Sophie Spetalen og Isa Ågren går på Majorstuen skole. Snapchat og Instagram er blant dei mest populære appane blant dei fire.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Tar større risiko

Ein ny rapport om ungdom og digital sikkerheitskultur frå Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) stadfestar det dei fire elevane skildrar. I rapporten går det fram at ungdom i stor grad er overlatne til seg sjølve når det gjeld å lære om informasjonssikkerheit.

Bjarte Malmedal i NorSIS

SLÅR ALARM: Bjarte Malmedal i NorSIS slår alarm om digital sikkerheit blant ungdom. Mellom anna oppgir ungdom at dei i langt mindre grad lærer om informasjonssikkerheit frå ekspertar enn det vaksne gjer.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Utpressing, identitetstjuveri, mobbing, hacking og hets, det er ting som i særleg grad rammar ungdom, fortel Bjarte Malmedal i NorSIS.

Han fortel at sikkerheitspraksisen som ungdom har på nett, er dårlegare enn i resten av befolkninga. Ungdom tar også større risiko på nett.

– Måten dei oppfattar risiko på og måten dei lærer på er annleis. Det er eit komplekst bilde der ungdom kjem ganske dårleg ut.

Risiko på nett

RISIKO: Grafisk framstilling av risiko-oppfatting for vanlege aktivitetar på nett. Den svarte streken er befolkninga generelt, den grøne streken er norske ungdomar under 20 år. 1 betyr svært låg risiko og 5 betyr svært høg risiko.

Foto: Maria Nyheim / NorSIS

Må inn i skulen

Dei fire klassekameratane på Majorstuen skole ynskjer meir undervisning i nettvett på skulen. Isa Ågren fortel at dei har lært litt om det tidlegare, men at undervisninga stoppa om lag i femte klasse.

Ungdom og mobilar

FOR TRYGG: Sophie Spetalen meiner at ungdom kanskje føler seg for trygg på nettet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg trur kanskje ungdomen føler seg for trygg på internett, seier Sophie Spetalen.

Stella Stenman trur at det blir tatt for gitt at ungdom har mykje kunnskap om nettvett fordi dei er fødde inn i nettalderen.

Bjarte Malmedal i NorSIS peiker på at ungdom ikkje har nokon medfødt evne til å avgjera kva som er trygt og utrygt på nett, og han etterlyser også meir undervisning i skulen.

– Nå er vi midt i ein digital transformasjon av det norske samfunnet. Vi er nøydde til å sørgje for at ungdom er i stand til å bli trygge digitale innbyggjarar.

Opplæring

OPPLÆRING: Dei svarte søylene er 20 år og eldre, dei grøne søylene er under 20 år. Figuren viser at dei under 20 år i langt mindre grad har fått opplæring i informasjonssikkerheit dei to siste åra enn dei over 20 år.

Foto: Maria Nyheim / NorSIS

Kostar samfunnet milliardar kvart år

Dårleg digital sikkerheit er eit samfunnsproblem som kostar samfunnet store summar kvart år. Mørketallsundersøkelsen frå Næringslivets sikkerhetsråd frå 2014 viser at Noreg tapar cirka 19 milliardar kroner i året på grunn av datakriminalitet.

– Digitaliseringa i samfunnet skal også gje oss ein betydeleg gevinst. Når folk blir utsette for datakriminalitet og blir redde for å bruke digitale tenester så både tapar vi pengar, og vi greier ikkje å hente inn den gevinsten som digitaliseringa gir oss, seier Malmedal.

Kulturstrøm

  • Arkeologar gjorde fleire interessante funn i Stad

    I samband med utgravingane på Berstad i Stad kommune i vår fann arkeologane båtgraver frå jarnalder, gravrøys frå bronsealder og ei grav frå steinalderen. Det skriv Vestland fylke på sine nettsider.

    – Vi stod å sjakta med gravemaskin då vi såg mørkare konturar i massane. Etter litt finreinsing for hand dukka det opp fleire jarnnaglar. Vi forstod raskt at dette kunne vere noko spesielt, seier arkeolog Ragnhild Egeland Torp.

    Fylkeskommunen har difor gitt løyve til utgravinga. Universitetsmuseet i Bergen tek saka vidare og skal gjennomføre ei arkeologisk utgraving av gravene i haust.

    Dronebilder viser arkeologisk utgraving i Stad kommune, flere jordflekker er gravd opp og avdekket
    Foto: Vestland fylkeskommune

Flere kulturnyheter