Ved Bergen fengsel vart ti fangar flytta på dagen for få dager sidan.
- Ikke bra, seier rektor
- Dette er me lite glad for, seier rektor ved Åsane Vidaregåande skule, Egil Hovda. Han er ansvarleg for eit omfattande undervisningstilbod for å hjelpe fangane til ei ny framtid når dei kjem ut. For 14 dagar sidan vart ti av dei seksti elevane hans brått flytta frå Bergen til andre fengsel, fordi justisdepartementet ryddar plass til varetektsfangar.
Fryktar for eksamen
Per Helge Lerøy sit no i Ringerike Fengsel. Han var i innspurten med almennfagutdanning i Bergen Fengsel. No må hå han studere på eigenhand, og fryktar at eksamen kan gå i vasken, og kanskje hans sjanse til ei ny framtid.
Vanleg problem
- Dette er også eit problem ved andre fengsel. Det seier Kjellbjørg Lunde som er ansvarleg for undervisninga ved alle fengsel i landet. Lunde er bekymra for framtida til fangane som må flytte midt i innspurten på ei utdanning som skal vere med på å hindre at dei kjem tilbake til fengselet.
Manglar varetektsplassar
Justisdepartementet seier årsaka til flyttinga av fangar som var under utdanning ved Bergen fengsel, er mangel på varetektplassar. Ekspedisjonssjef i departementet, Kristin Bølgen Bronebakk, seier dei vil gjere alt for å gi fangane nye undervisningstilbod. Justisdepartementet skal ha eit møtet med fengselet torsdag denne veka, der problema blir diskutert.