Hopp til innhold

Så mange blei tatt for datosniking

BERGEN SENTRUM (NRK): Politiet nøgd med kor få dei tok i storkontrollen på andre dag med datokøyring. Horiya Sayfee var ei av dei som blei tatt.

Frå klokka 09.00 i dag kunne du få bot for å køyra med feil nummerskilt. – Eg har ikkje fått med meg dei nye reglane, seier Horiya Sayfee.

UHELDIG: Horiya Sayfee var ei av dei første som måtte betala for å ha køyrd med feil nummerskilt i Bergen i dag.

Torsdag var det ein fire timar lang kontroll av bilistar som køyrer inn til Bergen sentrum.

Resultatet var at ni av dei 848 kontrollerte bilførarane fekk bot. Det er politiet nøgd med.

– Eg syns ikkje ni utskrivne bøter er spesielt høgt i høve til talet på kontrollerte bilar, seier politioverbetjent Atle Heradstveit ved Bergen sentrum politistasjon. Heradstveit meiner det verkar som at bergensarane har tatt datokøyringa innover seg.

– Ja, i alle fall der vi stod og kontrollerte i dag. Dei som blei tatt reagerte på ulike måtar. Nokre av dei hevda at dei ikkje kjende til datokøyringa. Det er eg litt overraska over, seier han.

Påbodet om datokøyring blei innført fordi kombinasjonen av kaldt vêr og lite vind gjer at den giftige lufta frå biltrafikk, båtar i hamna og vedfyring, blir liggande over byen i det som blir omtala som eit «giftlokk».

Fleire braut påbodet i går

NRK var i går ute for å telja bilar i Bergen, og resultatet var at kvar sjette bilist braut påbodet om datokøyring.

Grunna den korte tidsfristen valde politiet då å ikkje å gje ut bøter i går. Men torsdag måtte altså folk ta konsekvensane.

– No har dette vore sopass godt opplyst om både i media og gjennom skilting at det er naturleg at me reagerer overfor dei som køyrer ulovleg.

Politikontroll

KONTROLL: Ved Bontelabo på E39 står politiet no for å sjekka at folk køyrer med oddetal på slutten av registreringsnummeret.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Første gong eg får bot

Horiya Sayfee var ei av dei som fekk ein dyr biltur på veg til jobb. Ho måtte ut med 1.500 kroner.

– Det er første gong eg får bot, så det får vera greitt. Eg var ikkje klar over datokøyringa. Vanlegvis parkerer eg bilen i Åsane og tar bussen inn til sentrum, men ikkje i dag, fortel ho.

LES OGSÅ: Slik påvirker luftforurensningen helsen din

I går var første gong målarane på Danmarks plass viste raudt på tre år. Også i dag blinka den raudt for verdiane av No2, nitrogendioksid. Det gjer at luftforureininga og helserisikoen er høg.

LES MEIR: Innførte datokøyring - same dag blinka luftmålarane raudt

Laster innhold, vennligst vent..

Ber om hjelp frå regjeringa

– Det at det lyste raudt på onsdag viser at det var utruleg viktig at me brukte det siste verktøyet me hadde, nemleg datokøyring. Men me skulle ønska at fleire følger påbodet, seier klimabyråd i Bergen Julie Andersland.

No har byrådet sendt brev til Statsministeren for å be om hjelp til å få bukt med den dårlege lufta.

– Til dømes kan me setta opp bompengane på dagar med høg luftforureining, ha lågutsleppssoner og visa vekk skip frå hamna. Men dette må me altså ha regjeringa med på, seier Andersland.