Hopp til innhold

Fleire pasientar klagar på fastlegen sin

Legane er overarbeida og pasientane misnøgde. Pasientombodet meiner fastlegeordninga i Noreg no må evaluerast.

Fastelegeordninga

ØNSKJER FLEIRE: – Vi treng fleire fastlegar ut i byane, fordi det er meir å gjere per pasient no enn for 15 år sidan då ordninga starta, seier Gunnar Ramstad, leiar i Legeforeningen i Hordaland. Han jobbar til dagleg ved Fana Legekontor.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Pasient- og brukarombudet opplevde ei auke i klager på fastlegar i fjor.

Manglande tilvising, problem med å få bestille time og lang ventetid er blant tinga folk klagar på.

Alle som ønskjer det, skal ha ein fast allmennlege å stelle seg til. Dei fleste som er busett i Noreg har krav på fastlege.

Rune Skjælaaen

TEK IMOT KLAGER: Pasient- og brukarombod i Hordaland, Rune Skjælaaen.

Ikkje nøgde

– Fastlegen er den tenesta som får flest klager i pleie- og omsorgstenesta. Vi meiner fastlegeordninga bør evaluerast, seier pasient- og brukarombod i Hordaland, Rune Skjælaaen til NRK.

Han seier pasientane som kontaktar han ikkje er nøgde med tilbodet.

– Fastlegen får stadig nye oppgåver. I mange kommunar på landsbasis har dei kanskje berre ein lege. Nokon kontor har berre timebestilling per SMS, ikkje på telefon. Vi meiner ein bør gå inn og sjå om fastlegeordninga no tener pasientane på den måten ordninga var tenkt, seier Skjælaaen.

LES OGSÅ: Lanserer fastlege-sjekk til sterk kritikk

Lege og pasient

IKKJE NØGDE: Manglande tilvising, problem med å få bestille time og lang ventetid er blant tinga folk klagar på ved fastlegen sin. Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

Travel arbeidsdag

På Fana Legekontor i Bergen har sekretær Camilla Brandt-Olsen ein travel dag. I dag har ho svara på 70 telefonar før lunsj.

– Oftare har vi det travlare, seier ho til NRK.

I forskrift om fastlegeordning i kommunane er det krav om at 80 prosent av alle meldingar normalt skal svaras innan to minutt på arbeidsdagar med normal pågang. Mange legekontor i landet slit med å oppfylle dette kravet, viser årsmeldinga frå pasient- og brukarombodet i Noreg frå 2015.

Auke i klager

Helsedirektoratet seier at sidan det kom nye forskrifter for ordninga i 2013, er det for tidleg med ein nasjonal evaluering.

– Ordninga i seg sjølve er grei nok. Vi treng fleire fastlegar ut i byane, fordi det er meir å gjere per pasient no enn for 15 år sidan då ordninga starta, seier Gunnar Ramstad, leiar i Legeforeningen i Hordaland.

I Hordaland fekk dei inn nærmare 200 klager, ein auke på 20 prosent samanlikna med 2012.

LES OGSÅ: Helsedirektoratet advarer mot fastlege-svindel