Hopp til innhold

Lanserer fastlege-sjekk til sterk kritikk

Frå og med i dag kan du sjekka om fastlegen din har fått åtvaringar eller alvorlegare reaksjonar frå Statens helsetilsyn. Legeforeininga meiner informasjonen kan gjera meir skade enn nytte.

Legelisten får kritikk for ny teneste

Etter lang tids vurdering lanserer legelisten.no i dag ei betalingsteneste som gjer det mogleg å sjekka om fastlegar har fått reaksjonar frå Statens helsetilsyn. Den same tenesta for tannlegar kom i 2014.

Foto: Kim Jansson / skjermdump / NRK

Sidan 2012 har det vore mogleg å gje fastlegar karakter og lesa andre sine vurderingar på den privatdrivne nettstaden legelisten.no, der over 4500 fastlegar er oppførte i ein søkbar database.

Frå og med i dag kan du også, mot betaling, sjekka kva for nokre fastlegar og spesialistlegar som har fått reaksjonar frå Statens helsetilsyn, instansen som skriv ut åtvaringar til alt helsepersonell i Noreg.

Lars Haakon Søraas, Legelisten.no

Lars Haakon Søraas er sivilingeniør og har saman med ein programmerar og ein webdesignar utvikla nettstaden legelisten.no.

Foto: Privat

Den same tenesta for tannlegar kom på plass i januar 2014.

– Me ville testa det ut på tannlegar først. Interessa frå brukarane var så stor at me valde å utvida til legar. Det har vore ein betydeleg jobb fordi det er langt fleire registrerte tilsynssaker på legar enn på tannlegar, fortel Lars Haakon Søraas, ein av tre privatpersonar som står bak legelisten.no.

Ikkje gratis

Legelisten.no tek 29 kroner i betaling for å avsløra om ein lege har fått åtvaringar, avgrensingar i autorisasjonen eller som har mista retten til å praktisera som lege etter 2010. Informasjonen du får seier ingenting om kva som var bakgrunnen for at legen eventuelt fekk ein reaksjon.

Den norske legeforeininga har vore sterkt kritiske til legelisten.no sidan tenesta blei lansert i 2012. Foreininga er svært overraska over at dei som driftar nettsida no har bestemt seg for å offentleggjera tilsynsreaksjonar mot betaling.

Hanne B. Riise-Hanssen

- Me er uroa for at dette vil føra til at legar urettvis blir stempla som dårlege, seier Hanne Riise-Hanssen, advokat og seksjonssjef i Legeforeininga si avdeling for jus og arbeidsliv.

Foto: Privat

– Slike opplysingar er ikkje nødvendigvis eigna til å oppfylla legelisten sitt føremål. Reaksjonane er av ulik art og treng ikkje ha noko med pasienttryggleik å gjera, som til dømes dårleg journalføring. Nyansane forsvinn og me er uroa for at dette vil føra til at legar urettvis blir stempla som dårlege, seier Hanne Riise-Hanssen i Jus og arbeidslivsavdelinga til Legeforeininga.

Statens helsetilsyn opplyser at dei gir reaksjonar for større og mindre overtramp, som til dømes uforsvarleg behandling i ein akutt-hjelp situasjon, brot på teieplikta, gjentekne brot på journalføringsplikta eller dårleg kommunikasjon med pasienten eller pårørande.

Søraas i legelisten.no poengterer at dei informerer brukarane av tenesta om at ikkje alle reaksjonar frå Statens helsetilsyn er like alvorlege eller relevante for kor fagleg dyktig legen er.

– Vårt utgangspunkt er dessutan at pasientane sin rett til informasjon er viktigare enn den eventuelle ulempa det kan medføra for legane. Kjennskap til tilsynsreaksjonar og andre sine pasienterfaringar er nyttig for folk når dei skal velja lege, meiner Søraas.

Forbrukarrådet ser det som positivt at kvalitetssikra informasjon blir tilgjengeleg og hjelper brukarane med å ta informerte val, men skulle helst sett at tenesta var gratis.

Legeforeininga understrekar at dei «ikkje er imot at legar blir kikka i korta».

– Me er opptekne av kvalitet, men me er kritiske til Legelisten.no sine metodar, som kan vera meir til skade enn til nytte, seier Riise-Hanssen.

AKTUELT NÅ