Hopp til innhold

Fleire nordmenn vil kjempe mot ebola

Mange norske helsearbeidarar har i dei siste vekene meldt seg for å delta i kampen mot ebola i Vest-Afrika. Rundt 400 legar og sjukepleiarar ynsker delta i hjelpearbeidet.

Ebola-sak sykepleier Turid Andreassen

I SIERRA LEONE: Sjukepleiar Turid Andreassen jobba nyleg med ebolapasientar for Røde Kors på eit feltsjukehus i Sierra Leone. Her saman med sine lokale kollegaer på sjukehuset.

Foto: Privat

Turid Andreassen er sjukepleiar og har akkurat kome heim til Bergen frå Sierra Leone. I fem veker har ho jobba på eit Røde Kors-sjukehus med pasientar som er ramma av ebola. Ho har med seg sterke inntrykk heim.

– Du ser at familiar forsvinn, og små landsbyar blir halverte, seier Andreassen.

Minst 5000 menneske i Vest-Afrika er smitta av ebolaviruset, som har ein dødsrate på mellom 40 og 90 prosent. No er Noreg er eit av dei landa som trappar opp innsatsen mot ebola.

Folk ynskjer å bidra

Ola Jøsendal

LEDER PROSJEKTET: Ola Jøsendal i Helse Bergen har fått i oppdrag å koordinere Norges bidrag i kampen mot ebola.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Talet på norske helsearbeidarar som vil bidra i kampen mot ebola mangedobla seg dei siste vekene, og rundt 400 legar og sjukepleiarar har meldt seg for å reise til Vest-Afrika.

Dei neste ni månadane skal 200 norske helsearbeidarar sendast til Sierra Leone for å ta imot ebola-pasientar på eit norsk-britisk sjukehus.

Ola Jøsendal i Helse Bergen har fått i oppdrag å koordinere Norge sin innsats mot ebola, og han gler seg over alle som har meldt seg til teneste.

– Eg trur det er stor merksemd på at det er ein veldig tilstand i Sierra Leone, og at folk har eit engasjement og eit ynskje om å kunne bidra, seier Jøsendal.

Helseminister Bent Høie er klar på at dei som reiser til ebolaramma område samtidig utsett seg sjølv for ein stor risiko.

– Det seier mykje om den idealismen som norsk helsepersonell har, seier helseminister Bent Høie.

Sterke inntrykk

Begravelse i Monrovia, Liveria av ebola-offer

BRUTAL EPIDEMI: Nesten 5000 menneske er registrert døde av ebola, men WHO fryktar det verkelege talet er langt høgare. Her førebur ei gravferd i Liberias hovudstad, Monrovia.

Foto: Abbas Dulleh / Ap

Etter opphaldet i Sierra Leone skal sjukepleiar Turid Andreassen no tilbake i sin vanlege jobb på barneklinikken på Haukeland sjukehus.

Ho seier dei som no skal reise ut for å hjelpe ebola-pasientar må vera førebudd på sterke inntrykk.

– Du ser barn heilt aleine, som døyr heilt aleine, eller så blir dei friske og skal reise heim, men så har dei ingen å reise heim til, seier Turid Andreassen.

– Me hadde gravplass ved sida av sjukehuset, slik at dei som døde kunne bli gravlagt der, seier Andreassen.