Fleire båtar skada av skrot i sjøen: – Eg har treft ei dør og heile tre

SANDVIKEN (NRK): Søppel i havet byr på store problem for båteigarar. Forsikringsselskap seier problemet aukar og Redningsselskapet er uroa for hausten.

Morten Foss i Båt og motor (t.h.) og Arne Voll i Gjensidige

TRESTOKK: Arne Voll i Gjensidige og Morten Foss i Båt- og Motorservice viser fram funn frå havet. Ei plasttønne, ein trestokk og ei bensinkanne er noko av det dei har funne.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

– Desse ligg og flyt stadig vekk, seier Morten Foss på Båt- og Motorservice i Sandviken i Bergen.

Han viser fram ein stor trestokk som har drive i land på kaien ved verkstaden denne veka.

– Det verste eg har treft er ei svær naustdør og heile tre, seier han.

Og Foss er ikkje aleine. Bedrifta har hatt inne fleire båtar som har køyrt på bjelkar, høyballar og vasstankar.

Propell på båtmotor ødelagt av tau, palle med tau flytende i sjøen

SØPPEL: Til venstre ein båt som har køyrt inn i eit tau og fått store skadar på motoren. Til høgre delar av ei palle som driv.

Foto: Gjensidige

100 skadar i år

Trass i strandryddeaksjonar og ei aukande merksemd mot marint søppel, har trestokkar, tau, plast og anna bydd på store problem for båtførarar i sommar.

Problemet er større i år, ifølgje forsikringsselskapet Gjensidige.

– I år ser vi at fleire har fått store utfordringar. Dei har gjerne køyrt i noko som ligg i sjøen, eller fått plast, garnrestar, taustumpar og så vidare inn i motor og propell. Det gir stor skade, seier kommunikasjonssjef Arne Voll.

Berre Gjensidige har fått meldingar om over 100 båtskadar frå marint søppel så langt i år.

– Køyrer ein på noko og får skadar på skrog eller motor, kan ein skade fort bli på fleire hundre tusen kroner på ein dyrare båt, seier Voll.

Fekk tau i propellen – køyrde på kai

Forsikringsselskapet har fleire eksempel på flytande skrot som har øydelagt båtar.

Mellom anna fekk ein fritidsbåt på Vestlandet taurestar inn i propellen då båten skulle legge til kai. Motoren ville ikkje gå i revers, og båten køyrde rett inn i kaien.

Ein annan Gjensidige-kunde køyrde på ein gjenstand i sjøen, og båten byrja å ta inn vatn. Det kosta over 100.000 kroner å reparere.

Morten Foss i Båt og motor

TREFTE DØR: Morten Foss i Båt- og Motorservice har sjølv køyrt på ei dør på sjøen. No åtvarar han andre og ber dei halde auga ope.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

– Hausten ekstra viktig

Sjølv om fritidsbåtsesongen går mot slutten, fryktar Redningsselskapet at det vil kome fleire skadar utover hausten.

– Det er viktig å følgje med som båtførar og rette merksemda mot det som ligg i sjøen, seier kommunikasjonsrådgjevar Eigil Andersen i Redningsselskapet.

– Vi er inne i ei tid der dagane blir kortare og mørket kjem fortare. På hausten er det ekstra viktig å passe på, meiner han.

Dei har ikkje tal på kor mange utrykkingar dei har hatt i samband med at båtar har treft gjenstandar i sjøen.

Foss ved Båt- og Motorservice håpar folk ryddar etter seg når dei er ved sjøen.

– Folk må trekke opp alt dei har hatt liggjande på kaien og i fjøresteinane. No kjem det masse vêr og høg vasstand. Alle som sit i vasskanten og tenner bål og kosar seg må hugse å ta med seg restane opp igjen, seier han.