Hopp til innhold

Kosta fire millionar i 2012 – no vert kunstverket fjerna

BERGEN (NRK): Den fem år gamle kunsten ved Gamle Nygårdsbro i Bergen vert demontert. – Vedlikehaldet vart for dyrt.

Kunstverk fjernes ved Florida i Bergen

RIVING: Mannskap frå Bydrift i Bergen starta i dag jobben med å ta vekk «60⁰N 05⁰E Encased Waterside».

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Måndag starta arbeidet med å fjerne kunstinstallasjonen ved Bybanen og Gamle Nygårdsbro i Bergen.

Verket «60⁰N 05⁰E Encased Waterside» har fått mykje merksemd etter at det kom på plass i 2012. Hærverk, naturskadar og mykje reparasjonar har prega verket.

– I utgangspunktet var det eit veldig vakkert kunstverk. Men dessverre vart det gjort ein del hærverk. Kunstverket vart tilgrisa og det kosta kommunen veldig mykje å vedlikehalde det til stadigheit, seier leiar Bodil Friele i Bergen kommunes fond til kunstnerisk utsmykking.

Bergen Bydrift bekreftar at dei måndag er i gong med å fjerne kunsten.

Det skjer etter at bystyret i april vedtok fjerning etter kunstfagleg vurdering og anbefaling av fondet for kunstnerisk utsmykking.

Vind og hærverk

Det er tyske Thorsten Golberg som har laga kunstverket.

Ifølge BA brukte kommunen totalt 4,1 millionar kroner på verket. Forhold rundt plassering, montering og eigedomsforhold gjorde at prisen vart høgare enn det som i utgangspunktet var planen.

Kunstverket har jamleg vore utsett for skadar påført av vind, sjø og hærverk, og vedlikehaldet er krevjande og kostbart.

– Det er klart det er trist å fjerne denne kunsten, men nok er nok. No vert det dessverre ikkje noko kunstverk akkurat ved Gamle Nygårdsbro, seier Friele.

Kunstverk ved Florida i Bergen

BYBANEKUNST: Kusntverket blei sett opp som ein del av utsmykkinga av Bybanen i Bergen.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Rådgivar Elisabeth Vaule i fagavdelinga kunst og kulturutvikling i Bergen kommune, seier saka var oppe til grundig behandling i fondet før bystyret vart anbefalt å fjerne kunsten.

– Det er aldri kjekt å fjerne eit kunstverk som mange set pris på, men det er også mange som ikkje set pris på dette verket. Kunsten har ikkje tilfredsstilt det som i utgangspunktet var kravet for vedlikehald, og difor anbefalte vi å fjerne kunstverket, seier Vaule.

Vil framleis eksperimentere

Byrådet skreiv i si vurdering i mars at «selv om 60⁰N 05⁰E i seg selv har en høy kunstnerisk verdi, har det vist seg at det ikke er bærekraftig når det gjelder praktisk holdbarhet.

En grundig reparasjon er svært kostbart og vil gå utover andre presserende vedlikeholdsoppgaver av offentlig kunst i Bergen kommune. Samtidig er det ingen garanti for at en slik omfattende oppgradering virkelig vil være solid nok over tid».

I bystyret sitt vedtak heiter det at «Bergen kommune skal fortsette å være eksperimentelle og utfordrende i valg av kunstnerisk utsmykking av byen».

Kunstverk ved Bybanen i Bergen

HERJA: Kunstverket, som ligg mellom E39/gamle Nygårdsbro og Bybanen/Nye Nygårdsbro har blitt skada av både hærverk frå menneske og vêr.

Foto: Synnøve Horvei / NRK