Hopp til innhold

Han er ein av fem politikarar som skal vigsla bergensarane

BERGEN RÅDHUS (NRK): Bergen gir fem politikarar vigselsmakt når kommunane tek over ansvaret frå nyttår. Kritikarane fryktar det kan skapa konflikt.

Tor Woldseth (Frp) skal vie bergenserne fra 2018

TEK OPPGÅVA PÅ ALVOR: Gruppeleiar for Frp i Bergen bystyre, Tor Woldseth, er peika ut som vigslar frå 2018.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Frp-politikar Tor Woldseth førebur seg til ei heilt ny arbeidsoppgåve frå nyttår.

– Sidan de no i vitnets nærvær har lova kvarandre å leve saman i ekteskapet, erklærer eg dykk med dette for rette ektefolk, seier Woldseth og ser opp frå arket.

– Dette må eg jo kunne utanåt.

Frå nyttår er det kommunane som skal ha ansvaret for borgarlege vigslar i Norge. Korleis kommunane løyser oppgåva, varierer frå stad til stad.

Fem politikarar

I Bergen er Woldseth og fire andre politikarar peika ut til å verta vigslarar frå 2018 av.

Ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og varaordførar Marita Moltu (KrF) har vigselsrett etter lova.

Forretningsutvalet i kommunen føreslår følgande personar som får vigselsrett fram til 31.desember 2019:

  1. Britt Nordgreen, stabsleiar i byrådsleiars avdeling
  2. Harm Christian Tolden, kommunaldirektør for kultur, næring, kyrkje og idrett
  3. Hilde Onarheim (H)
  4. Johanne Gillow, byantikvar
  5. Lubna Boby Jaffery (Ap)
  6. Tor Woldseth (Frp)
Marte Mjøs Persen (Ap) og Hilde Onarheim (H)

SKAL VIGSLE: Ordførar Marte Mjøs Persen (t.v) og Hilde Onarheim (H).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fryktar konflikt

Fem av åtte med vigselsrett i Bergen er altså politikarar. Det er det ikkje alle som meiner er spesielt gunstig.

Mikkel Grüner (SV) er mellom dei som er skeptiske til at kommunane skal ta over ansvaret for borgarlege vigslar.

At ekteskapsritualet i tillegg skal utførast av politikarar, meiner han vil by på utfordringar.

– Dei som skal gifte seg borgarleg må forvente at vigslaren representerer eit politisk parti som meiner noko heilt anna enn dei sjølve. Det kan skape sterke kjensler, meiner Grüner.

NRK har tidlegare i haust snakka med varaordførar Marita Moltu om temaet. Sjølv om KrF-politikaren er i mot homofil vigsel i kyrkja, sa ho då at ho gjerne vigslar dei borgarleg.

Mikkel Grüner

SKEPTISK: Mikkel Grüner meiner det kan by på utfordringar at politikarar skal vigsle borgarlege ektepar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Får ikkje velje

– Det bør leggast til rette for at folk i størst mogleg grad får bestemme kven som skal vigsle dei, meiner Grüner i SV.

Men ei slik ordning er det ingen planar om.

– Det heiter borgarlege vigslar, og ikkje politiske vigslar. Vi legg ikkje opp til at partipreferansar skal bestemme val av vigslar, seier bystyredirektør Roar Kristensen, som har førebudd den nye ordninga for kommunen.

Trur det vil gå fint

Forslaget om kven som skal få vigsle ektepar i Bergen kommune skal avgjerast i bystyret før nyttår. I Oslo er det truleg kun administrativt tilsette som får vigsle par.

Bergensordføraren meiner det ikkje vil bli eit problem at ektepar og vigslar står på ulike stader politisk.

– Eg trur ikkje dette er ei oppgåve som har ei politisk slagside, seier Marte Mjøs Persen (Ap).

Heller ikkje Tor Woldseth (Frp) trur at ulike politiske meiningar skal øydelegga dagen for dei kommande ektepara.

– Ikkje viss ein har røynde politikarar som har vore med i ei stund og som veit kva rolle dei har, seier 65-åringen.