– Det blir veldig spennande å få ei slik oppgåve, men det kjem til å bli travelt, seier varaordførar Marita Moltu (KrF) i Bergen.
Frå nyttår av må ho jamleg ta turen ned frå nest øvste etasje i rådhuset og bort til tinghuset for å vigsle brudepar borgarleg.
Debatten rasa
Men rolla som varaordførar var ikkje noko ho kunne spasere rett inn i. Etter kommunevalet i 2015 rasa debatten om KrF-politikaren etter at ho vart lansert som ordførarkandidat.
I eit intervju med Bergensavisen nekta ho å svara på om homofili er ei synd eller om det kan helbredast ved bønn.
– Eg er politikar, ikkje teolog, svara Moltu i ein e-post til avisa.
Krangel i bystyret
Då bystyret skulle velje byens varaordførar hausten 2015, gjekk fleire bystyrepolitikarar til angrep på KrF-aren sitt menneskesyn.
Moltu vart likevel vald til varaordførar med 39 stemmer mot Oddny Miljeteig (SV) sine 25 stemmer.
– Eg trur at folk som ikkje kjenner meg kanskje har fått nokre urettferdige haldningar mot meg. Eg ikkje har noko imot homofile, tvert om har eg respekt for og er glad i alle menneske, seier varaordføraren til NRK i dag.
Imot homofil vigsel i kyrkja
Men 49-åringen er framleis klokkeklar på at ho meiner vigsel mellom likekjønna ikkje høyrer heime i kyrkja.
No skal Moltu altså vigsle homofile par borgarleg, om brurepara sjølv vil.
– Borgarleg vigsel er noko anna. Eg ser på dette som ein juridisk ordning der ein skal forplikte seg til å leve saman. Eg har ingen problem med å gjere det og ynskjer å vera ein varaordførar for alle i byen.
– Gledeleg overrasking
Henning Warloe, Høgre-politikar og homofil, var den som lanserte ein motkandidat mot Moltu tilbake i 2015.
Han blir overraska når NRK fortel at Moltu gjerne vigslar homofile borgarleg.
– Seier du det? Det er veldig hyggeleg faktisk. Det viser at ho i denne rolla vil vera ein representant som alle i byen kan ha tiltru til.
Bystyret i Bergen skal i løpet av hausten velje ytterlegare fem personar som kan utføre vigslar i kommunen. Warloe innrømmer at han har tygga på problemstillinga med ein varaordførar som opent er mot likekjønna vigsel i kyrkja og som no skal vigsle brurepar borgarleg.
– Eg har tenkt at det ville løyse seg ved å velje andre vigslarar frå kommunen. Desto hyggelegare at ho seier ho vil stille opp for alle, seier Warloe.
– Om nokon ikkje ynskjer at eg skal vigsla dei, så må dei lov til å det. Det er ein viktig dag og dei må få velja den dei vil ha, avsluttar Moltu.