Hopp til innhold

Imot at homofile giftar seg i kyrkja – no skal ho vigsla dei sjølv

BERGEN RÅDHUS (NRK): KrF-politikar Marita Moltu har full forståing for om homofile og lesbiske brurepar vil velje ho vekk.

Varaordfører Marita Moltu (KrF) i Bergen

VIL VIGSLE: Trass hennar syn på homofile vigslar i kyrkja, vil varaordførar Marita Moltu vigsle likekjønna i borgarlege vigslar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det blir veldig spennande å få ei slik oppgåve, men det kjem til å bli travelt, seier varaordførar Marita Moltu (KrF) i Bergen.

Frå nyttår av må ho jamleg ta turen ned frå nest øvste etasje i rådhuset og bort til tinghuset for å vigsle brudepar borgarleg.

Debatten rasa

Men rolla som varaordførar var ikkje noko ho kunne spasere rett inn i. Etter kommunevalet i 2015 rasa debatten om KrF-politikaren etter at ho vart lansert som ordførarkandidat.

I eit intervju med Bergensavisen nekta ho å svara på om homofili er ei synd eller om det kan helbredast ved bønn.

– Eg er politikar, ikkje teolog, svara Moltu i ein e-post til avisa.

Krangel i bystyret

Då bystyret skulle velje byens varaordførar hausten 2015, gjekk fleire bystyrepolitikarar til angrep på KrF-aren sitt menneskesyn.

Moltu vart likevel vald til varaordførar med 39 stemmer mot Oddny Miljeteig (SV) sine 25 stemmer.

– Eg trur at folk som ikkje kjenner meg kanskje har fått nokre urettferdige haldningar mot meg. Eg ikkje har noko imot homofile, tvert om har eg respekt for og er glad i alle menneske, seier varaordføraren til NRK i dag.

Moltu og Persen

VALD: Marita Moltu (KrF) får blomar etter å ha blitt vald som varaordførar i Bergen. Saman med ordførar Marte Mjøs Persen (t.h) skal ho vigsle bergensarar borgarleg frå nyttår av.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Imot homofil vigsel i kyrkja

Men 49-åringen er framleis klokkeklar på at ho meiner vigsel mellom likekjønna ikkje høyrer heime i kyrkja.

No skal Moltu altså vigsle homofile par borgarleg, om brurepara sjølv vil.

– Borgarleg vigsel er noko anna. Eg ser på dette som ein juridisk ordning der ein skal forplikte seg til å leve saman. Eg har ingen problem med å gjere det og ynskjer å vera ein varaordførar for alle i byen.

Henning Warloe ankommer kommunevalgvaken til Høyre i Bergen

OVERRASKA: Henning Warloe (H) blir glad for å høyre at varaordføraren ikkje har noko mot å vigsla homofile borgarleg.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Gledeleg overrasking

Henning Warloe, Høgre-politikar og homofil, var den som lanserte ein motkandidat mot Moltu tilbake i 2015.

Han blir overraska når NRK fortel at Moltu gjerne vigslar homofile borgarleg.

– Seier du det? Det er veldig hyggeleg faktisk. Det viser at ho i denne rolla vil vera ein representant som alle i byen kan ha tiltru til.

Bystyret i Bergen skal i løpet av hausten velje ytterlegare fem personar som kan utføre vigslar i kommunen. Warloe innrømmer at han har tygga på problemstillinga med ein varaordførar som opent er mot likekjønna vigsel i kyrkja og som no skal vigsle brurepar borgarleg.

– Eg har tenkt at det ville løyse seg ved å velje andre vigslarar frå kommunen. Desto hyggelegare at ho seier ho vil stille opp for alle, seier Warloe.

– Om nokon ikkje ynskjer at eg skal vigsla dei, så må dei lov til å det. Det er ein viktig dag og dei må få velja den dei vil ha, avsluttar Moltu.