NRK Meny
Normal

Fekk spørsmål om fem - gav 10 mill.

Prosjektleiaren for Hafstad idrettspark drog til Bergen for å spørje forsiktig om pengar. Men sunnfjordingen fekk ikkje fem millionar kroner, slik han bad om. Trond Mohn bladde like godt opp 10 millionar.

Trond Mohn

BLADDE OPP: Milliardær Trond Mohn har nok ein gong gitt milliongåve til idretten.

Foto: Marius Sunde Tvinnereim / Adresseavisen

Håkon Fimland

OVERRASKA: Håkon Fimland fekk langt meir pengar med heim frå Bergen, enn han turte å håpe på.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Ei fantastisk overrasking, jublar prosjektleiar Håkon Fimland til avisa Firda.

Med 10 nye millionar, har den gåvmilde Bergens-milliardæren bladd opp til saman 20 millionar til nytt idrettsanlegg i Sunnfjord-byen.

– Under besøket la eg fram status, at vi hadde for lite pengar og at kommunen er hardt pressa. Eg håpte han kunne bidra litt, fortel Fimland til avisa.

Då bergenske industrieigaren så gav uttrykk for at planane for idrettsparken var fantastiske, var det som musikk i øyra på den no pensjonerte kultursjefen i Førde.

Andre gåve på kort tid

– Vi må vere takksame for ein mann som kan tenkje seg å vere med på eit slikt prosjekt i Sogn og Fjordane. Han har ingen bindingar til fylket, seier ein oppglødd Fimland som samstundes garanterer for at bergensaren sjølvsagt blir invitert til den offisielle opninga neste år.

Idrettsparken består av to kunstgrasbaner, volleyballbane, klubbhus og anlegg for ei rekkje andre idrettar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hafstad Idrettspark i Førde

20 MILLIONAR: Kunstgrasbanene er alt tekne i bruk i Førde. Med hjelp frå millionane til Trond Mohn skal idrettsparken etter planen stå ferdig neste år.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK
Brann Stadion i Bergen

BRANN: Sportsklubben har over mange år mottatt store millionbeløp.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX
Trond Mohn

TROMSØ IL: Fortuan Brann og Sogndal har også eliteserieklubben Tromsø (no rykt ned) nytt godt av milliongåver frå Trond Mohn.

Foto: Trygve M. Andreassen
3-Tesla MR-maskin

TRONDHEIM: På St. Olavs Hospital har Mohn mellom anna finansiert denne MR-maskina.

Foto: Øyvind Blom / Helse Bergen
Haukeland universitetssykehus

HAUKELAND: Universitetssjukehuset i Bergen har fått fleire hundre millionar kroner i pengegåver.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Pengegåva til Førde IL kjem berre halvanna månad etter at Mohn bladde opp fem millionar kroner i gåve til Jølster skisenter i nabokommunen.

Tidlegare i haust sprøyta Mohn friske pengar inn i Brann, men måtte då tole kritikk frå enkelte Brann-supporterar som meinte han med pengegåvene sine la seg opp i styringa av sportsklubben.

Glad for å gi

Trond Mohn har gjennom familieverksemda Frank Mohn AS i Bergen bygd seg opp ei stor formue. Då skattelistene vart lagt ut i oktober i år, var han Norges fjerde rikaste mann.

Dei siste 25 åra har Mohn, i motsetnad til mange andre formuande, øst av sin rikdom i form av store pengegåver til ulike prosjekt. Ofte retta mot born og unge.

– Givarglede er dobbel glede. Det gleder de som får, og det gleder den som gir, sa Trond Mohn i eit intervju med NRK i juni i år.

Då hadde milliardæren nettopp spandert nytt kunstgras i Finnmarks-kommunen Lakselv.

Mohn sine pengegåver:

Ei samanstilling Bergens Tidende har gjort, viser at Trond Mohn til saman har donert til over 3 milliardar kroner til gode formål innan helse, utdanning, kunst, kultur og idrett.

  • Sportsklubben Brann
  • Tromsø idrettslag
  • Sogndal Fotball
  • Haukeland universitetssjukehus
  • Universitetssjukehuset i Nord-Norge
  • St. Olavs Hospital
  • Om lag 50 kunstgrasbaner og 80 ballbingar
  • 1 mrd. til ulike forskingsfond
  • Ei rekkje kommunar over heile landet, med hovudtyngde på Hordaland
  • Organisasjonar som Kirkens Bymisjon, Norges Miljøvernforbund og Raftostiftelsen
  • Mohn betalte også advokathonoraret i kappgjengaren Erik Tysse sin kamp mot dopingdomen.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.