Hopp til innhold

Rike onklar gir Sogndal seks mill. til utvikling av Fosshaugane Campus

Sogndal-sjefen miste nesten munn og mæle då han fekk vite om milliongåva. To rike onklar har gitt klubben seks millionar i gåve til utvikling av Campus.

Egil Mundal

EIN STOR DAG: Seier Egil Mundal etter at det vart klart at Sogndal får seks millionar kroner i gåve til vidareutvikling av Fosshaugane Campus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er Sogn Avis som onsdag fortel om milliongåva som skal sikre vidare utvikling av Fosshaugane Campus i Sogndal. Bergensaren Trond Mohn har også tidlegare opna pengesekken for anlegget, og no spyttar han inn nye fire millionar.

I tillegg har tidlegare styreleiar og Sogndal-spelar Rolf Navarsete gitt to millionar kroner. Dagleg leiar, Egil Mundal, i Sogndal Fotball er over seg av begeistring.

– Det er nesten slik at eg mister munn og mæle når privatpersonar bidreg på denne måten, seier Mundal til Sogn Avis.

Dei seks millionane som klubben no får i gåve skal brukast til kunstgras og til utvikling av nytt innhald i Campus. Egil Mundal seier til NRK.no at det er ein stor dag for Sogndal Fotball når dei opplever å få ei slik gåve.

– Eg må få seie at vi har ei audmjuk beundring for dei bidraga som er gitt. På kort sikt vil dette gje vår sportslege avdeling betre vilkår, både økonomisk og sportsleg i forhold til det kunstgrasprosjektet som går no, seier han til NRK.no.

– Men det er kanskje moglegheitene på lang sikt som er mest spennande.

Skal drive med «fotballforsking»

For med dei nye millionane skal Sogndal no gi seg inn på eit svært så spennande felt, fortel Sogndal-sjefen til NRK.no. Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Idrettssenteret i Sogndal og fleire andre aktørar skal dei no drive med kunnskapsbasert forsking.

Måten dette skal gjerast på er gjennom bygging og utvikling av ein såkalla digital arena. I praksis handlar det om eit GPS-sporingssystem og fleire kamera som er monterte der spelarane trenar og spelar kamp.

– Med slikt utstyr kan vi måle stort sett alt ein utøvar gjer, både i trening og i kamp.

Ifølgje Sogn Avis er det berre Tromsø og Rosenborg som har teke i bruk denne typen moderne teknologi. Med andre ord er Sogndal den tredje klubben som får prøve seg på dette.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fosshaugane Campus

FORSKING: I tett samarbeid med Høgskulen og Idrettssenteret vil Sogndal drive med fotballforsking her på Fosshaugane Campus.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Forskarar og kaninar på same plass

Trond Mohn

FIRE: Trond Mohn gir Sogndal fire millionar kroner.

Foto: NRK
Rolf Navarsete

TO: Rolf Navarsete spyttar inn to millionar kroner til vidareutvikling av Campus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein slik kunnskapsbasert vitskap i eit så samansett spel som fotball gir mange moglegheiter, seier Mundal til NRK.no.

Det at Sogndal har både treningsarenaen og kamparenaen sin like i nærleiken av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Idrettssenteret i Sogndal betyr at klubben no kan inngå i eit forskingsprosjekt. Spelarane blir forsøkskaninar og forskarane blir dei tilsette ved Høgskulen og Idrettssenteret.

– No er det fotballforsking og digitale verkty som forhåpentlegvis skal gjere oss endå råare på det Sogndal handlar om. Nemleg å leggje til rette for å utvikle unge fotballspelarar, seier Mundal til NRK.

– Dei er ikkje rike onklar

Han er boblande glad over milliongåva, og seier det betyr mykje å ha slike bidragsytarar som Trond Mohn og Rolf Navarsete. Men å kalle dei rike onklar vil han ikkje vere med på.

– Dei passar ikkje inn i den karakteristikken. Begge var heilt sentrale då Fosshaugane blei realisert og då handla det om meir enn 2x45 minutt fotball, som ein del andre rike onklar er mest kjende for.

– Her er det ikkje snakk om å leggje seks millionar kroner på bordet for å kjøpe ein spiss eller ein kantspelar for å sikre tippeligakontrakt. Her bidreg ein til eit utviklingsprosjekt som går langt utover dei 2x45 minuttane med fotball.