Hopp til innhold

Færre møter opp til mammografi

Kvinner i byane er blitt dårlegare til å møta opp til brystundersøking. Resultatet blir at fleire går rundt med brystkreft utan å vita det.

Mammografi-undersøkelse

MØTER IKKJE: Alle kvinner mellom 50 og 69 år vert kalla inn til brystundersøking anna kvart år. Men færre møter opp enn før, viser tal frå Hordaland.

Foto: JOUHANNAUD Thomas / Colourbox.com

Kvinner i dei største norske byane er blitt dårlegare til å møta opp når dei blir kalla inn til brystundersøking.

Dei siste åra har oppmøtet på mammografi-timer falt jamt og trutt, viser tal frå Hordaland og Haukeland universitetssjukehus.

Alle kvinner mellom 50 og 69 år blir kalla inn til mammografi annakvart år. Årleg vert 50.000 kvinner kalla inn til brystundersøking på Haukeland, men færre enn før møter faktisk opp på sjukehuset.

Nedgong i storbyane

Tidlegare møtte ni av ti opp til timen, men dei siste åra har oppmøtet gått ned. No møter åtte av ti opp til mammografi.

Hos det nasjonale Kreftregisteret opplever ein den same tendensen i heile Noreg. Medan folk i distrikta er flinke til å møta til mammografi, har nedgongen vore merkbar i byar og tettbygde strøk, fortel rådgjevar Jan Husebye.

– Vi ser den same trenden elles i landet også, og spesielt i dei mest folkerike kommunane, som Oslo, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. Dei siste åra har vi sett at klart færre møter til timane, seier Husebye, som jobber med Kreftregisteret sitt mammografiprogram.

Mammografi

MISTER PASIENTAR: Berre på Haukeland universitetssjukehus trur dei at dei kunne oppdaga 50 fleire tilfelle av brystkreft kvart år - om alle hadde møtt opp til timen.

Foto: Jean-Paul Pelissier / Scanpix/Reuters

Han har merka nedgongen i fleire år, og trur nok av årsaken kan vera at innvandrarkvinner i liten grad nyttar seg av tilbodet.

– Og fleire og fleire innvandrarar busett seg i storbyane. I tillegg kan det også skuldast negativ omtale om mammografi-effekten dei siste åra, samt at fleire kanskje i staden går til private klinikkar for undersøking, seier Husebye.

Les også: Mammografi har liten effekt

Konsekvensen kan bli stor for enkelte, seier Hildegunn Aase, seksjonsoverlege ved mammografi-senteret på Haukeland universitetssjukehus.

– Dersom like mange hadde møtt no som tidlegare, meiner vi at vi hadde funne kreft hos cirka 20 personer til i Hordaland kvart år, seier Aase.

Dersom alle som får innkalling hadde møtt opp, kunne endå fleire tilfelle av brystkreft blitt oppdaga.

50 fleire kunne vert oppdaga

– Om alle som fekk invitasjon til mammografi-screening hadde møtt, meiner vi at vi hadde funne kreft hos 50 flere kvinner her i fylket. Med andre ord mister vi ein del kreftpasientar kvart år, seier Aase.

Med andre ord går mange av dei som ikkje møter opp rundt med kreft utan å vera klar over det.

Mange har også feil oppfatning om faren for brystkreft.

– Ein del trur at siden dei ikkje har brystkreft i næraste familie, så er dei ikkje ein risikopasient. Men dei fleste vi finn kreft hos, har ingen i familien med brystkreft, fortel seksjonsoverlegen.

Kreftregisteret uroa

Før eller seinare vil kvinnene gjerne oppdaga kreftsvulsten sjølv, men då risikerer ein å møtte fjerna heile brystet og gjennomgå smertefull behandling.

Hos Kreftregisteret er dei uroa over utviklinga.

– Det er det klart vi er, når det har gått såpass mykje tilbake der det bur mest folk dei siste åra. Når færre kjem til timen betyr det at vi vil oppdaga mindre brystkreft enn før, seier rådgjevar Jan Husebye.