Hopp til innhold

Høge kvinner har større kreftrisiko

Risikoen for å utvikle kreft aukar med 16 prosent for kvar 10 centimeter høgare kvinner blir.

Kinesiske Yao Defen er den høyeste kvinnen i Asia

Kinesiske Yao Defen var den høgste kvinna i Asia i 2006.

Foto: NIR ELIAS / REUTERS

Høgde er allereie ein kjend risikofaktor for å utvikle kreft, men no har ei britisk forskargruppe funne ut nøyaktig kor mykje høgde har å seie.

Ein studie av kvinner mellom 150 cm og 175 cm viser at risikoen for å utvikle kreft aukar med 16 prosent for kvar 10 centimeter, skriv The Lancet Oncology.

Av gjennomsnittleg høge kvinner utviklar 850 av 100.000 kreft kvart år. Sjansen for å utvikle kreft er mindre for lågare kvinner. 750 av 100.000 kvinner på 150 centimeter utviklar kreft årleg.

Men for dei som er 175 centimeter høge, utviklar 1000 av 100.000 kvinner kreft.

Unormal vekst

Mammografi-undersøkelse

Det vart registrert ein større auke i talet på brystkrefttilfelle enn for andre typar kreft, og forskarane meiner det kan ha samanheng med hormon som er knytte til unormal vekst.

Foto: JOUHANNAUD Thomas / Colourbox.com

Forskingsgruppa som var leidd av Dr Jane Green frå Universitetet i Oxford fann ut at kreftrisikoen auka for kvar tiande centimeter høgare kvinnene var.

– Den mest sannsynlege forklaringa er at hormon som er knytte til høgde for kvinner også er knytte til unormal vekst, spesielt i brystet, seier Professor Karol Sikora, som er medisinsk sjef ved det private CancerPartnersUK.

Resultata viste at risikoen auka for minst ti typar kreft, mellom anna leukemi, bryst-, tarm-, eggstokk-, hud- og føflekkreft.

– Dietten kan også ha noko å seie, spesielt når ein ser på den dramatiske auken i kreft i tjukktarm- og endetarmkreft for høge kvinner, seier Sikora til The Guardian.

Oppjustert kreftrisiko

Brystkreft var i undersøkinga ein av krefttypane som auka mest med høgda (16 prosent). Aller mest auka magekreft (19 prosent).

Sjølv om tala kan verke skremmande, meiner Sara Hiom fra Cancer Research UK at høge kvinner ikkje treng å uroe seg.

– Høge folk treng ikkje å bli skremde av resultata. Dei fleste er ikkje mykje høgare enn gjennomsnittet, og høgda vil ha liten effekt på kreftrisikoen deira, seier ho.

Sist veke oppjusterte britiske ekspertar sine estimat på kor mange som kjem til å få kreft i løpet av livet. På grunn av lenger levetid og dårlegare allmennhelse trur dei no at 42 prosent får kreft ein eller annan gong, mot 33 prosent som dei trudde før.

Risikofaktorar for kreft

Tobakk og usunt kosthald toppar lista over risikofaktorar for kreft i vår del av verda. Nesten to av tre kreftdødsfall har med desse faktorane å gjere, ifølgje Kreftregisteret.

Ein veit også at overdriven soling kan føre til føflekkreft.

Ei rekkje kjemiske stoff og radioaktiv stråling har vist seg å vere kreftframkallande.

Kreft kan også komme frå hormon som allereie er i kroppen eller blir tilførte utanfrå, eller smittestoff som virus, bakteriar og parasittar.

Det er i tillegg slik at nokre familiar har større kreftrisiko enn andre på grunn av feil ved det genetiske materialet, men dette er sjeldnare enn mange trur.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)