Hopp til innhold

Få elevar får lov til ta fag på vidaregåande

Bergen er den dårlegaste av storbyane i Norge til å gje eit ekstra tilbod til flinke ungdomsskuleelevar.

Elevar på Danielsen

TAR VIDAREGÅANDE-FAG: Ved privatskulen Danielsen får nesten like mange ungdomsskuleelevar ta fag på vidaregåande – som i heile den offentlege skulen i kommunen.

Foto: Sølve Rydland

– Eg synest det er fint å få eit innblikk i korleis det er på vidaregåande, og at eg får utfordre meg meir. Du får ei meistringskjensle når du får til noko, seier Håvard Vikse og Torbjørg Synnøve Berg.

Jana Middelfart Hoff

– Eg skulle ønskje at fleire ungdomsskuleelevar kunne få ta fag på vidaregåande, seier skulebyråd Jana Middelfart Hoff frå Høgre.

Foto: Sølve Rydland

Dei får eit tilbod dei fleste elevane i dei offentlege skulane i Bergen må sjå langt etter. Ved privatskulen Danielsen får nesten like mange ungdomsskuleelevar ta fag på vidaregåande – som i heile den offentlege skulen i kommunen.

Berre 17 av 2800 tiandeklassingar i dei kommunale skulane i Bergen får tilbod om å ta fag på vidaregåande, medan til samanlikning får 11 av dei 90 tiandeklassingane på Danielsen tilbodet.

Bergen på botn

I konkurranse med dei største norske kommunane ligg Bergen på botn når det gjeld å gje dei sterkaste elevane noko å strekkja seg etter.

  • I Oslo får over 580 elevar i dei offentlege skulane ta fag frå vidaregåande,
  • I Drammen får 91 elevar tilbodet.
  • I Bærum 67 elevar.
  • I Bergen er det berre 17 av dei over 2800 tiandeklassingane som får ta fag frå nivået over.

– Ei utfordring

– Eg synest det er dumt. Eg skulle ønskje at fleire fekk moglegheit, seier skulebyråd Jana Middelfart Hoff frå Høgre.

Jørgen Mygland

GOD NYTTE: Rektor ved Danielsen, Jørgen Mygland, synst det er synd at ikkje fleire i dei offentlege skulane får meir å strekkja seg etter.

Foto: Sølve Rydland

Ho vedgår at Bergen har vore for dårlege på det som burde vore god Høgre-politikk.

– Vi har ei utfordring i motsetnad til i Oslo, fordi vi her har to eigarar. Kommune driv nemleg ungdomsskulane og fylket driv vidaregåande skulane. Problemet er at vi slit av og til med å snakke saman, seier Hoff.

– Dårleg unnskyldning

Leiar i oppvekstkomiteen i bystyret Pål Hafstad Thorsen frå Ap meiner det er for enkelt å skulda på at det er fylkeskommunen som har ansvar for dei vidaregåande skulane.

– Eg synest det er ein dårleg unnskyldning. Eg meiner absolutt at Bergen bør ha ein ambisjon om at sterke elevar bør få eit tilbod om å kunne hospitere på vidaregåande skular om det er behov for det, seier Thorsen.

Rektor ved Danielsen, Jørgen Mygland, synest det er synd at ikkje fleire i dei offentlege skulane får meir å strekkja seg etter.

– Det er klart det vil vere nokon som ville hatt veldig god nytte av å få eit sånt tilbod og det burde ha vore eit tilbod for fleire, seier Mygland.