Hopp til innhold

Endra berre 0,03 prosent av budsjettet: – Eit demokratisk problem

BERGEN BYSTYRE (NRK): Bystyredirektøren meiner dei folkevalde har svært lite å seie for budsjettet på 14 milliardar kroner.

Bystyret i Bergen

LITEN PÅVERKNAD? Dei siste tre-fire år har dei folkevalde i denne salen endra lite i budsjettet for Bergen, meiner bystyredirektøren.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vanlegvis er bystyredirektøren ein mann som stort sett går stille i dørene. Sjeldan skapar han overskrifter.

Men i denne saka er bystyredirektør Roar Kristiansen sjeldan krass.

– Om ein skal ha ein reell prosess i bystyret etter at byrådet har lagt fram sitt budsjettframlegg, så må det føre til endringar i budsjettet. Det har ikkje skjedde dei siste tre til fire åra, seier Kristiansen.

Marginale endringar

Ei gjennomgang bystyredirektøren har gjort av budsjettet i Bergen frå i fjor syner dette resultatet:

  • Budsjettet som bystyret vedtok var, bortsett frå marginale endringar og supplerande merknader, identisk med budsjettet byrådet hadde lagt fram.
  • Den politiske handsaminga i bystyret førte til endringar av driftsbudsjettet på totalt 4,8 millionar kroner.
  • Sett i forhold til eit totalt driftsbudsjett på 14,29 milliardar kroner utgjorde det 0,03 prosent.

Merknad: Då denne saka vart publisert vart det ved ein feil oppgitt at endringa i budsjettet berre var på 0,0003 prosent. Det var dette talet som vart oppgitt i saksutgreiinga frå Bystyredirektøren i Bergen. Kontrollrekning viser at det rette sjølvsagt skal vera 0,03 prosent. NRK beklager feilen.

Bystyredirektøren meiner dei folkevalde i bystyret brukar for liten tid på budsjettarbeidet og at måten ein stemmer på i bystyret gjer det vanskeleg å gjera reelle endringar.

I Oslo, som akkurat som Bergen er parlamentarisk styrt, har ein tradisjon for å flytta på langt større summar. I Bergen stemmer ein på budsjettet i 37 ulike delar, i Oslo på 131.

Roar Kristiansen

KRITISK TIL BUDSJETTARBEIDET I BERGEN: Roar Kristiansen er bystyredirektør i kommunen.

Foto: Bergen kommune

– Det syner at bystyret i realiteten har liten innflytelse på dei prioriteringane som vert gjort, seier Roar Kristiansen til NRK.

– Om ikkje det hadde vore for at lova krev det kunne ein nesten latt vere å handsame budsjettet i bystyret.

Ove Sverre Bjørdal

– BUDSJETTARBEIDET EIN SKINNPROSESS: Ove Sverre Bjørdal representerer Senterpartiet i bystyret i Bergen.

Foto: SØLVE RYDLAND

– Heilt naturleg

Ove Sverre Bjørdal frå Senterpartiet er einig i at budsjettprosessen i ei årrekkje har minna om ein skinnprosess.

– Det er jo fånyttes for alle som ønsker å kome til bystyret for å påverke budsjettprosessen. Korta er alt delt ut og lagt av byrådet.

Rune Bakervik er gruppeleiar for Arbeidarpartiet, som saman med dei andre byrådspartia Venstre og Kristeleg folkeparti har fleirtal i bystyret.

– Eg er ikkje med på påstanden om at budsjettprosessen i bystyret ikkje er reell. Det er vårt byråd som legg fram budsjettet. Det speglar den politikken som vi står for.

– I Bergen debatterer vi budsjettet i bystyret sine organ. Så er det opp til kvart parti og kvar representant å gripe tak i ting i debatten.

Rune Bakervik

IKKJE BEKYMRA: Rune Bakervik er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Større budsjettendringar i Oslo

Bystyredirektøren ber bergenspolitikarane sjå mot hovudstaden.

– Vi har foreslått at ein legg seg litt nærare den måten som ein handsamar budsjettet på der. Samstundes bør ein gå litt tyngre inn i dei enkelte budsjettområda, seier Roar Kristiansen.

I Bergen er ein no i gang med ei ny budsjettprosess. Eit utal organisasjonar, etatsleiarar og brukarar av tenester prøver å overtyda bystyrepolitikarane.

– Her får vi innspel frå ulike lag og organisasjonar på kva dei meiner er bra med budsjettet og kva dei meiner kan gjerast betre, seier Rune Bakervik i Arbeidarpartiet.

Kjem de til å flytte på meir enn 0.03 prosent av budsjettet i år?

– Det står att å sjå når vi kjem til det endelege budsjettmøtet 19. desember.