Torsdag ettermiddag gjekk det eit stort ras på fylkesvegen som går mellom Ulvik og Osa i Hardanger. Den vesle bygda Osa har rundt 30 fastbuande, som no er isolerte.
Truleg vil ikkje vegen kunne opne igjen før i starten på neste veke.
Fram til då er det sett opp ei mellombels båtrute til og frå Osa.
Fekk overnatte på sjukeheimen
Blant dei råka er Elisabeth Osa. Ho jobbar som helsefagarbeidar på den nye sjukeheimen i Ulvik.
Torsdag kveld fekk ho beskjed frå kommunen om at det ikkje var lov å ferdas forbi den stengde vegen der raset gjekk.
Heldigvis fant ho hjarterom på sin eigen arbeidsplass.
– Eg fekk tilbod om å flytte inn på sjukeheimen, dagen etter at den vart opna. Opphaldet har vore heilt topp, seier ho.
– Fekk du noko «room-service»?
– Nei, dei gav klar beskjed om at det ikkje var vits å ringe på nattevakta. Eg måtte klare meg sjølv, ler ho.
Sette krisestab
Raset gjekk i 15-tida torsdag ettermiddag, og kommunen sette krisestab umiddelbart.
Ordførar i Ulvik herad, Hans Petter Thorbjørnsen (Ap), seier det er sterke krefter som har vore i sving. Han er først og fremst glad for at ingen blei tekne av raset.
– Det viktigaste er at ingen vart skada, seier han.
Ny vurdering på måndag
Fredag kom geolog til staden for å vurdere fjellsida som har rasa ut. Konklusjonen er at fylkesvegen tidlegast kan opnast over helga, opplyser Vegtrafikksentralen.
Truleg opnar vegen mellom måndag og onsdag. Det er rasfaren som må avklarast før vegen kan opna.
Fjellsida må truleg reinskast, men det er førebels ikkje bestemt om dette skal skje med mannskap eller om ein sender opp helikopter.
Fylkesvegen har fått store skader og rundt halve vegbana er smadra vekk av raset.
Tilbyr båtskyss
Etter at raset gjekk, har det blitt sett opp ei mellombels båtrute for å frakte dei som skal på arbeid, skule og barnehage.
Dersom vegen vert opna att før tysdag ettermiddag, vert båtruta avvikla frå vegen er opna.
Båtruta kan òg verta forlenga om vegen ikkje er opna til onsdag morgon.
– Blir dette langvarig, må vi sette opp meir permanente ruter, seier ordføraren.