Hopp til innhold

Ekspertar frå Bergen til Ålesund

Ekspertar frå brannvesenet i Bergen er i Ålesund for å bistå under den dramatiske brannen.

Hurtigruta brenner

Røyk velta ut av hurtigruta Nordlys på Valderhaugfjorden rett vest av Ålesund.

Foto: Karl Ivar Engesæt

Seks brannmenn frå Bergen brannvesen rykte ut for å hjelpe brannvesenet i Ålesund med redningsarbeidet på Hurtigruta Nordlys.

Brann hurtigruten Nordlys Ålesund

Politiet stadfestar at 2 personar er døde etter brannen om bord i Hurtigruta Nordlys.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Les òg: To omkomne i brann

Les òg: – Trodde først det var en øvelse

Les òg: Frykter storbrann til sjøs

Pårørande kan rette spørsmål til dette nummeret: 478 34 700

Rykkjer ut

– Hovudredningssentralen har bede oss om bistand, og me rykkjer ut med ei RITS-gruppe beståande av seks brannmenn, seier vakthavande brannsjef, Anders Leonhard Blakseth.

Ei RITS-gruppe består av brannmenn som er ekspertar på redningsarbeid på sjøen.

– Ålesund har òg ei slik gruppe, men dei har bede om bistand. Me sendte eit helikopter oppover, seier Blakseth.

RITS-gruppa frå Bergen brannvesen

RITS-gruppa i Bergen brannvesen rykte ut til Ålesund.

Ekspertar på denne typen redning

Bergen er mellom dei byane langs kysten som har ei slik gruppe med ekspertar.

– Det er omfanget av brannen som gjer at me blir sendt ut. Det er ein kraftig brann, seier Blakseth.

I fyrste omgang er seks brannmenn sendt til Ålesund, men det kan bli aktuelt å sende fleire.

– Me har sagt at me gjerne står til disposisjon med fleire, og dette gjeld og støtte til leiinga, men så langt har dei ikkje bede om dette.

Utfordrande arbeid

Brannsjefen seier det er mange og ulike utfordringar med å drive redningsarbeid på sjøen.

– Ein er ikkje kjend og ein kan ha lange og vanskelege vegar inn i båten, seier Blakseth.

Godt førebudde

SJÅ BRANNVESENET ØVE PÅ REDNINGSAKSJON PÅ SJØEN:

Video Frykter storbrann til sjøs

Sjå brannvesenet øve på brann på sjøen

Brannmannskapen i Bergen er godt førebudde på slike redningsaksjonar.

– Dei trener ombord i båtar og har òg spesialkompetanse på å bli flydd ut til brannstaden til sjøs i helikopter. Me hadde seinast ei RITS-øving førre veke, seier Blakseth.

Haukeland slo alarm

Beredskapsleiinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen blei kalla inn kort tid etter at brannen om bord på ”Nordlys” blei meld. Grunnen er at sjukehuset har ein landsfunksjon når det gjeld brannskadde pasientar.

– Det var naturleg å auka beredskapen når det var ein skipsbrann med mange passasjerar om bord, seier kommunikasjonsdirektør Mona Høgli.

Beredskapsnivået blei nedjustert igjen då situasjonen var litt meir avklart, og det viste seg at dei fleste skadde fekk hjelp i Ålesund.