E-resept skal hindre pillesvindel

Helsedirektoratet vil ha elektronisk resept. Kommunelege i forsøkskommune er skeptisk.

Video - Kan skrive resept på dopapir

Utan problem fekk NRK Puls kjøpe sterke medisiner på heimelaga resept.

NRK kunne i dag syne kor lett det er å forfalske resepter. Utan problem fekk NRK Puls kjøpt det sterke medikamentet Paralgin forte med ein heimelaga resept .

Dei siste fem åra har det vorte dobbelt så mange meldingar om falske resepter. Apotekforeningen mener det er for enkelt å forfalske reseptar.

Christine Bergland

Christine Bergland

Foto: Helsedirektoratet

No vil Helsedirektoratet innføre elektroniske reseptar for å hindre forfalsking, seier Christine Bergland, divisjonsdirektør i Helsededirektoratet.

– Me har hatt ein pilot i Os kommune i Hordaland og i Larvik kommune i snart eit år, og dei har vore svært vellukka. Løysinga har vore godt motteke. Så vil me då gå ut i heile landet i mai.

LES ÒG: Er du pilleavhengig?

Gjer svindel umogleg

Ho trur systemet gir mange fordelar, og at det kan hindre svindel.

– Løysinga fungerer slik at legen skriv resepten inn i journalsystemet, så vert det sendt elektronisk direkte til ein reseptformidlar. Og så hentar apoteket ut resepten når pasienten står på apoteker med legitimiasjon. Då er det ikkje lenger mogleg å forfalske resepten på papir, seier ho.

Håndskrevne resepter

NRK Puls fekk kjøpt Paralgin forte med ein heimelaga resept.

Foto: Anders Leines / NRK

Mange startvanskar

Men etter det NRK erfarer er ikkje systemet sjukdomsfritt. Kommunelege i Os, Jon Vangdal Aamaas, fortel om innkøyringsproblem.

– Det legane har vore misnøgd med er feil som har gjort at programmet ikkje alltid har fungert. Det har til dømes vore vanskeleg å skrive reseptar, som ein har skrive tidlegare, på nytt, seier han.

Men mest alvorleg er det kanskje for folk med mellombels opphaldsløyve.

Folk utan norsk personnummer, til dømes gjestearbeidarar og asylsøkjarar, fungerer ikkje dette systemet for.

Mest positivt

Men trass i barnesjukdommar i systemet, tykkjer han fyrst og fremst er bra at Helsedirektoratet no tek grep for å hindre forfalskning.

– Eg tykkjer det er kjempepositivt. Det er nok ingenting som fungerer 100 % når ein startar med det. Og det er ei mykje enklare ordning enn papirresept, seier kommunelegen.