– Clinton er meir eigna for jobben og har meir erfaring, seier Dylan George Ness (18).
Han har nettopp innsett av favorittkandidaten likevel ikkje nådde opp i presidentvalet.
Ness har i heile natt følgt spent med på utviklinga i det amerikanske valet.
Klokka 07.39 var det klart: Republikanaren Donald Trump er USAs neste president.
Dylan, som for første gong har brukt stemmeretten sin, er skuffa. Han gav si stemme til førehandsfavoritten Hillary Clinton.
- NRK følger: Presidentvalet i USA
Valvake på skulen
Dylan flytta frå New Jersey til Noreg som treåring. Saman med kring 70 medelevar har han vore på valvake på den katolske St. Paul skule i heile natt.
Han fortel av fleire medelevar er nøgd med valresultatet, men sjølv har han lite sans for den nye presidenten.
– Eg likar ikkje korleis Donald Trump framstiller seg sjølv og måten han skremmer folket med orda sine.
Sjokkert og redd
Også Kevin Cahill, professor i filosofi ved Universitetet i Bergen, støttar Clinton. Han følgde innspurten i valkampen i dag frå NRK sitt studio på Minde i Bergen.
Etter kvart som realiteten gjekk opp for professoren, rista han meir og meir på hovudet.
– Eg er sjokkert, skuffa, sint og redd. Dette gir meg inga god følelse, sukkar Cahill.
- Les også: Trump: – Skal vere ein president for alle
Fryktar Trump ikkje vil lytte
Han la seg tidleg i natt og var trygg på at førehandstipsa skulle gå inn. Klokka 05.00 vakna han til sjokket om at Trump var i ferd med å vinna valet.
– Eg blir redd av å tenke på at denne mannen skal gå rundt i verda med kodane til atomvåpena, kommenterer Cahill.
18 år gamle Dylan har tenkt same tanken.
– Det verkar ikkje som om han høyrer på nokon andre enn seg sjølv. Om han først har bestemt seg for noko, så høyrer han kanskje ikkje på råda han får frå dei rundt seg.