Hopp til innhold

Difor krympar fleire og fleire vatn

BERGEN (NRK): 10.000 år med utvikling har plutseleg skote fart. Om nokre hundre år kan heile vatn vera borte.

Mørkevatnet i Bergen

FORSVINN: Mørkevatnet i Bergen er eit av mange vatn som gror att.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– For nokre år sidan var det vatn heile vegen innover her. No er det forsvunne. Det er snakk om eit ganske stort areal og det har gått fort, seier Ragnhild Steimler Åsheim.

Ho har tatt med NRK til Lyngbøvatnet i Laksevåg i Bergen. Sidan 2003 har Steimler Åsheim vore nabo til vatnet. År for år ser ho at vatnet krympar.

– Endringa er stor. Det er veldig synd med tilgroinga, fordi stien som går her er så fin. Gror det vidare så blir dette turområdet øydelagd, meiner ho.

Ragnhild Steimler Åsheim ved Lyngbøvannet i Bergen

VIL HA DUGNAD: Ragnhild Steimler Åsheim har spurt kommunen om dei kan gjera noko med attgroinga ved Lyngbøvatnet. Etter å ha fått nei, håpar ho nærmiljøet stiller til dugnad.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Vatn blir til myr

Men Lyngbøvatnet er berre eitt av mange vatn som blir mindre og mindre.

På Arboretet i Bergen møter vi botanikar Bjørn Moe ved Mørkevatnet. Også dette er eit vatn som er i ferd med å forsvinna.

Ein av «syndarane» som bidreg sterkt i prosessen kan ein lett få auga på i vatnet.

– I overgangen frå opent vatn til torva kan du sjå bukkeblada. Det er ein plante som er ein slags pioner, som legg grunnen for vegetasjonen som kjem til slutt, seier Moe.

Bukkeblada er med andre ord første steg på vegen for at heile innsjøar kan bli borte.

Botanikaren spår at Mørkevatnet til slutt vil bli til myr.

– Men det er nokre hundre år igjen til, presiserer han.

Lyngbøvatnet og Lyngbø, anno 1962.

FØR: Lyngbøvatnet og Lyngbø, fotografert i 1962. Sidan har både bustadar og plantar vakse kraftig ut.

Foto: Widerøes Flyveselskap AS / Universitetsbiblioteket i Bergen

Utvikling som har skote fart

For attgroinga er ein eigentleg ein heilt naturleg prosess som har gått føre seg i 10.000 år.

Det skjer over heile landet, men det går mykje fortare no. Det er det fleire årsaker til.

– Færre dyr som beitar på utmark og vegetasjon som blir mindre slått enn tidlegare, til dømes.

– Også det å legge bekkar eller elvar i rør, slik at vatnet ikkje får renna fritt slik det gjorde før, kan sette i gong ein attgroingsprosessen som krympar vatnet, forklarar Moe.

Lyngbøvatnet er eit godt eksempel på det siste. Forbindelsen med Gravdalsvatnet like ved, har blitt innsnevra på grunn av motorvegen til Sotra og Askøy. Etter det har attgroinga skote fart.

Lyngbøvatnet og gjengroping i 2016

NO: Slik ser det ut i delar av Lyngbøvatnet sommaren 2017.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Vil ha dugnad

Ragnhild Steimler Åsheim har skrive brev til Bergen kommune og spurd om dei vil reinska opp Lyngbøvatnet. Men kommunen seier nei. No vurderar ho å kalle inn til dugnad.

– Det er eit stort engasjementet her på Lyngbø. Kanskje folk stiller opp og fjernar det sjølv.

Botanikar Bjørn Moe meiner det er vanskeleg å gjera noko med attgroinga.

– Det vil vera ein veldig krevjande prosess og ta alt for mange ressursar. Den einaste staden ein kan gjera noko, er i små område og små vatn, der ein kan gjere ein jobb sjølv.

Botanikar Bjørn Moe ved UiB

ATTGROING: Botanikar Bjørn Moe ved Mørkevatnet i Bergen. Om nokre hundre år meiner han dette vil vera ei myr.

Foto: Espen Hatlestad / NRK