NRK Meny
Normal

Denne skulen er «best» i landet

Ny skuleundersøking sender yrkesskule i Hordaland åleine til topps. – Heilt fortent, seier elevrådsleiaren.

Elevrådsleder Rubbestadneset

BEST: Petter Østensen er strålande nøgd med å vera elevrådsleiar ved Noregs beste vidaregåande skule. Leiaren er stolt over at ingen elevar har droppa ut. – Bra for skulen sitt rykte, seier Østensen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Rubbestadnes vidaregåande skule på Bømlo i Hordaland går heilt til topps i ei fersk skuleundersøking som målar kvaliteten på absolutt alle skulane i landet.

Yrkesskulen fekk toppkarakteren 6, som einaste skule i landet.

Trur samhald og omsorg er nøkkelen

Rektor ved yrkesskulen meiner løyndomen bak sigeren er respekt og omsorg.

– Eg er audmjuk. Det er mange gode skular i landet, og det er spesielt at me skulle hamna blant dei beste, seier ein sindig rektor, Rune Gåsland.

Rektor og elev ved Rubbestadneset vidaregåande skule

Rektor Rune Gåsland trur tette band mellom skuleleiinga og elevar har spela inn på dei gode resultata. Her er rektor i møte med vg2-elev Remy Larsen, som studerer maritime fag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Rubbestadneset vidaregåande skule er mellom dei mindre skulane i Hordaland. Yrkesskulen i Bømlo kommune, med 160 elevar og 35 tilsette, utdannar mekanikarar, elektrikarar, automatiseringspersonell og sjøfolk.

Elevrådsleiar Petter Østensen er stolt over tildelinga.

– Dette er ein tittel me har fortent. Samhaldet blant elevane er godt, og lærarane er flinke til å følgja opp kvar og ein gjennom alle studieåra, fortel Østensen.

Rettesnor for skuleeigarane

På oppdrag for Kunnskapsdepartementet har forskarar frå Senter for økonomisk forsking (SØF) undersøkt kvaliteten på alle dei 359 vidaregåande skulane i Noreg.

Karakterar frå 1 til 6 syner kva resultat kvar enkelt skule oppnår. Landsgjennomsnittet ligg på 3,1.

Undervisning Rubbestadneset vgs

Rubbestadneset vidaregåande skule utmerker seg i undersøkinga som målar kor mykje skulen bidreg til elevane si læring og fullføring. Ingen skular i landet gjorde det betre.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Rapporten tek utgangspunkt i sju målbare indikatorar, mellom anna studieprogresjon, gjennomsnittlege standpunktkarakterar, deltaking i alle semester og fullføring. Felles for alle er å måla korleis skulane klarar å bidra til kvar enkelt elev si utvikling.

Tala er meint som eit verktøy for skuleeigarane for å styra skuleutvikling og ressursar.

Ingen har droppa ut

Leiinga ved skulen har lenge jobba aktivt for å redusera fråværet. Tett oppfølging av elevane frå lærarar til kontortilsette sikrar god omsorg og eit godt fangnett, meiner rektoren.

Elevrådsleiar Petter Østensen, Rubbestadneset

Petter Østensen er strålande nøgd med å vera elevrådsleiar ved Noregs beste vidaregåande skule. Leiaren er stolt over at ingen elevar har droppa ut. – Bra for skulen sitt rykte, seier Østensen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Alle dei tilsette er tett på kvar og ein av elevane, uavhengig av funksjon. Me møter elevane med respekt og omsorg, og prøver å handla raskt der situasjonar oppstår, fortel Gåsland.

Elevrådsleiaren trur storleiken på skulen bidreg til å betra samhaldet og samarbeidet mellom elevar og lærarar. Ingen elevar har slutta dette året.

– Det er kjempebra for skulen sitt rykte. Det tyder på at alle trivst og at elevane vert godt varetekne, seier Østensen, som rosar rektor for måten skulen fylgjer opp elevane.

Lovar kake – vil bli betre

Med unntak av uvanleg god stemning i skulegangane, er ting som dei plar vera på Rubbestadneset. Gåsland lovar kake, men sigeren tok rektoren fullstendig på senga.

– Sigeren er den store snakkisen på skulen. For oss er dette fyrst og fremst ei vitamininnsprøyting i kvardagen, og ei stadfesting på at me gjer ting rett, seier Gåsland.

Rektoren kviler ikkje lenge på lauvbæra.

– No skal me lesa undersøkinga grundig og bruka informasjonen til å verta endå betre.

Siste video

Husbrann på Askøy natt til tirsdag 23. januar.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås