Butikksjef fekk alkoprikkar etter tolv år. No har han sett ølet i «fengsel»

LEIRVIK (NRK): I nabokommunane får butikkane la ølet stå framme i heile opningstida. På Stord må butikksjef Eivind Birkeland dekka det til etter 20.00.

Butikksjef Eivind Birkeland på Rema 1000 på Vabakkjen på Stord heng opp ølgardiner med namn på kjende fengsel.

TOWER OF LONDON: Butikksjef Eivind Birkeland på Rema 1000 i Vabakkjen på Stord set ølet bak ein gardin med påskrifta «The Tower of London». Tårnet blei brukt som fengsel i over 800 år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Etter tolv år har Rema 1000-sjefen i Vabakkjen på Stord fått sine første alkohol-prikkar.

Den eine for alkoholreklame på gardinene, i form av hansa.no-logo, den andre for at dei ikkje dekka til alt ølet.

Det er han mildt sagt ikkje blid for, noko butikksjefen gjer uttrykk for på dei nye gardinene.

– Fleire synest det er latterleg at det blir brukt tid på å slå ned på dette. Folk veit jo at det står øl bak gardinene. Det er inga hemmelegheit, seier Birkeland.

Namn på kjende fengsel som «The Tower of London», «Alcatraz» og det meir lokale «Sandeid fengsel» prydar no dei nye gardinene som blir hengde opp for å skjula øl og rusbrus når alkoholsalet er stengt i butikken.

– Eg oppfyller no lovverket. Samstundes får eg vist kva eg meiner om reglane og korleis dei blir handheva. Bak ei gardin står jo ølflaskene litt i fengsel.

Gardinene som dekkjer til øl og rusbrus i Rema-butikken på Vabakkjen på Stord, har fått nye klistremerke.

FENGSEL: Butikksjef Eivind Birkeland har dekorert gardinene med namn på kjende fengsel.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Straffa etter tolv år

Birkeland reagerer mest på at Stord kommune først no straffar butikken med to prikkar for ulovleg alkoholreklame og for at flasker med øl og rusbrus ikkje var godt nok dekte til.

Han hevdar det har vore kontrollar kvart år dei tolv siste åra utan at nokon har sagt ifrå.

Nye gardinoppheng kosta 10.000 kroner, ifølgje Birkeland.

– Det blir for dumt at det brått blir slått ned på. Det viser kor tilfeldig kontrollane er, meiner butikksjefen.

Rådmannen i Stord kommune, Magnus Mjør, seier dei skal revidera alkoholreglane til våren.

RÅDMANN: I Stord kommune, der Magnus Mjør er rådmann, har dei andre reglar enn i nabokommunane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kommunen: – Først no meldt som avvik

Rådmann i Stord kommune, Magnus Mjør, forstår at butikksjef Eivind Birkeland reagerer.

– Det enkle svaret er at me først no har fått dette meldt inn som avvik, forklarer han.

Det er vaktselskapet Securitas som står for kontrollane av butikkar, restaurantar og utestader på Stord.

Dei melder vidare til kommunen, som sjølv forvaltar og handhevar alkohollova.

Ulike reglar i kommunane

Reglane er difor ulike frå kommune til kommune. I fleire av nabokommunane, som Bømlo og Kvinnherad, kan ølflaskene stå synlege heile tida. Det gjeld også i Bergen og Haugesund.

I Førde i Sunnfjord står ølet på eigne rom som blir stengt av etter at alkoholsalet er over.

Dei alkoholpolitiske retningslinene i Stord kommune skal reviderast til våren, og rådmannen seier det kan bli aktuelt å gjera endringar.

Dermed kan kravet om tildekking bli fjerna.

– Det er naturleg at me tek innspela til butikksjefen med i denne prosessen, seier Mjør.

Ingvill Størksen, dagleg leiar i Handelens ølsalsråd

YNSKJER LIK PRAKSIS: Ingvill Størksen i Handelens ølsalsråd håper at praksisen blir likare i kommunane.

Foto: Virke

Ynskjer likare praksis

Handelens ølsalsråd, som jobbar for ein ansvarleg alkoholomsetnad i butikkane, meiner det er ei utfordring at regelverket blir tolka ulikt mellom kommunane.

– Viss ein har jobba i ein kommune der det er nok med ein plakat og ei lukka dør når ølsalet er stengt, og møter krav om fullstendig tildekking med gardin i ein annan, er det klart at det blir oppfatta som urettvist, seier dagleg leiar Ingvill Størksen.

Ho håpar at ei evaluering av prikktildelingssystemet skal gjera praksisen likare i kommunane.

Systemet blei innført i 2016. Folkehelseinstituttet evaluerer no ordninga på oppdrag frå Helsedepartementet, og har nett samla inn dei fleste data frå kommunane.