Hopp til innhold

Brann i gassbuss i Bergen

Kraftig røykutvikling då buss byrja å brenne på toppen av Birkelundsbakken i Bergen.

Video frå staden.

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Brann i motoren på bussen førte til kraftig røykutvikling. Brannvesenet har no kontroll. FOTO: EIVIND A. PETTERSEN

Meldinga kom til naudetatane like før klokka 07.30.

– Meldar fortalde at ein buss stod på ein haldeplass og at det var kraftig røykutvikling. Vi er på veg, fortel operasjonsleiar Jan Steimler i politiet til NRK.

Det vart bekrefta brann i motoren og brannvesenet byrja sløkkingsarbeid på staden. Det var ingen passasjerar om bord i bussen då den byrja å brenne.

Brannen sløkt

Sidan bussen står i ei busslomme, skal den ikkje vera til hinder for trafikken. Etter det NRK får opplyst, er det ein gassbuss det har byrja å brenne i.

Klokka 07.40 opplyser NRKs reporter på staden at brannvesenet har sløkt brannen.

Innsatsleiar Ole Bjørn Sveen seier gassen på bussen blir stengt når nøklane vert tatt ut av tinningen.

– Det er ingen fare for eksplosjon. Det er også automatisk sløkking i motorrommet på bussen. Så no driv brannvesenet ettersløkking her, forklarer Sveen.

Ingen passasjerar

Driftsplanleggjar Frank Arntzen i Tide stadfester at det ikkje var folk i bussen, som skal vere ein 2005-modell.

– Motoren byrja å brenne då bussen skulle til å starte. Han var ikkje satt i rute for dagen enno. Det var ikkje fare for liv og helse, seier Arntzen til NRK.

Bussen vil no bli taua inn til Tide sin bussgarasje på Landås for sjekk.

Det skal vere fire gassbusser av denne typen i drift i Bergen. Den aktuelle bussen er truleg totalskadd.

– Vi har sjeldan motorbrann på bussane våre, seier driftsplanleggjar Frank Arntzen.