Hopp til innhold

Brukte fem år på å opprette krisesenter

FJELL (NRK): Kommunen bestemte seg i 2011 for å bygge opp sitt eige krisesenter. No får dei krass kritikk frå Fylkesmannen for å ha brukt for lang tid.

Bård Tydlum

OPNAR SNART: Barnevernsleiar Bård Tyldum i Fjell viser fram huset som snart skal kunne ta imot menneske som må rømme frå fysisk og psykisk vald i heimen. Huset er ombygd med alarmar, sikkerheitsrom og overvakingskamera.

Foto: Christian Lura/NRK

– Det er kritikkverdig at det går så lang tid før ein kommune har eit tilbod ein kan slå seg til ro med, seier seniorrådgjevar Marianne Kjelby hos Fylkesmannen.

Fjell er den einaste kommunen rundt Bergen som har valt å ha sitt eige krisesenter.

Kommunen sa i 2011 opp samarbeidsavtalen med Bergen om bruk av krisesenteret i byen. Sidan det har det ikkje vore noko permanent tilbod der.

Sende menn i krise på hotell

Kjelby har ført tilsyn med krisesentertilbod i Fjell sidan 2012, medan dei har brukt fleire år på å etablere eit permanent krisesenter.

I mai 2015 varsla fylkesmannen om at tilbodet i Fjell truleg ikkje hadde plass til mange nok bebuarar. Det var heller ikkje sikra godt nok, og hadde ikkje fysisk avskilte tilbod for kvinner og menn.

Kommunen si løysing for menn i krise var å sende dei på hotell.

– Vi vurderer ikkje at hotellrom fyller det kravet som er tenkt til krisesenter, seier Kjelby.

I november 2015 kjøpte kommunen ein ny bustad som skulle brukast som krisesenter, men denne blei snart tatt i bruk som bufellesskap for einslege, mindreårige flyktningar. Då blei prosessen med å få eit permanent krisetilbod utsett nokre månadar til.

Visste ikkje at dei hadde krisesenter

I mars 2015 prøvde til dømes ein tilsett i Helse Bergen å ringe Fjell krisesenter. Slik blei forsøket skildra i eit brev til Fylkesmannen:

  • «Eg forsøkte å komme i kontakt med Fjell krisesenter. Søkte på nettet og fant informasjon om døgnvakt. Ringde dette nummeret og kom fram til Sotra legevakt, de gav meg et anna telefonnummer. Ringde dette fleire gonger utan hell, blei til slutt sette over til sentralen – som viste seg å vere i Sund kommune. Ringde igjen til Sotra legevakt og fekk bekrefta at eg hadde fått rett nummer. Ringde igjen og fekk da kontakt. Med leder for psykososialt kriseteam i Sund kommune – som ikkje visste noko om Fjell krisesenter. Ringde igjen til Sotra legevakt, fekk nytt telefonnummer oppgitt. Ringde dette og kom da fram til Fjell kommune sin sentral. Der fekk eg nok ein gang nummeret til Sotra legevakt. Da eg gjorde oppmerksam på dette, kunne ho opplyse om at det var det nummeret ho kjente til. Da gav eg opp forsøket med å nå fram til Fjell krisesenter.»

Tek kritikken på alvor

Barnevernsleiar Bård Tyldum opplyser om at alle som jobbar i politiet og på legevakta skal ha kjennskap til krisesenteret då den tilsette i Helse Bergen forsøkte å få kontakt.

– Det som kan ha skjedd er at alle ikkje var like godt informerte om at vi hadde eige krisesenter. Det krevst at alle om jobbar i politiet og på legevakta har kjennskap til det. Det går litt tid før det når ut til alle, seier han.

Då dei einslege mindreårige flyktningane trengde ein plass å bu, valde kommunen å bruke det huset dei hadde kjøpt til krisesenter som bufellesskap for ungdommane.

– Derfor vart prosessen utsett tre-fire månader, til vi fekk kjøpt eit nytt, opplyser Tyldum.

No tek kommunen kritikken på alvor, og har mellom anna installert sikkerheitsrom og sju kamera rundt bustaden som skal bli nytt krisesenter.

– Vi tek ingen sjansar, understrekar barnevernsleiaren.

Neste veke opnar det nye, permanente krisesenteret i Fjell, og Tyldum ser framover.

– Me tek til oss kritikken og håpar at me frå no og vidare kan vise at vi kan handtere dei oppgåvene me har påtatt oss.