Hopp til innhold

Brent pizza skal skremma studentar frå å starta brannar

Unge einslege står bak ei overvekt av alle komfyrbrannane i Noreg. Brannvesenet brukar no svartbrend pizza i ein ny kampanje mot studentar.

Trine Sommerlade med brent pizza

BRANNFARE: Svidd studentpizza står øvst på verstinglista til brannvesenet i Bergen. Informasjonsleiar Trine Sommerlade viser fram denne forkola varianten under fadderveka for å skremma studentar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me ser alt for ofte at studentane lagar mat på komfyren når dei kjem heim. Då er dei ofte ikkje vakne eller edru nok til å bruka komfyr, seier informasjonsleiar Trine Sivertsen Sommerlade i Bergen brannvesen.

Komfyrbrannar var skuld i over halvparten av alle brannar og branntilløp i Noreg i fjor, og det er eldre og unge einslege som oftast står bak.

Brent pizza fra brannvesenet i Bergen

KAMPANJE: Denne pizzaen blei i dag vist fram til studentar i Bergen, som del av ei stor nasjonal kampanje frå brannvesenet.

Foto: Bergen brannvesen

Serverer kolsvart studentfavoritt

Denne veka startar titusenvis av ferske studentar på studieløpet i mange norske byar. Dei første dagane er for mange prega av mykje festing og seine nattetimar.

Ifølgje Sommerlade rykkjer brannvesenet i Bergen ut kvar veke til melding om svidd nattmat i studentbustader.

Ein nasjonal informasjonskampane ved semsterstart skal få studentane til å tenka på branntryggleik.

– Den svartbrende pizzaen er eit typisk scenario. Den giftige røyken frå svidd mat er farleg å pusta inn og i verste fall kan det enda med døden, seier Sommerlade

Under fadderveka i Bergen serverer brannvesenet ferske studentar forkola pizza.

Brannåsted der matlaging var brannårsak

MATLAGING: Slik såg det ut på ein brannstad i Bergen i vår. Brannvesenet åtvarar studentar mot matlaging når studentar denne veka startar studieløpet med festing.

Foto: Bergen brannvesen

Flest brannar startar på kjøkenet

Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser at det var 40 dødsbrannar i Noreg i fjor. I 2016 starta heile 57 prosent av alle bustadbrannar på kjøkenet. I blokkleilegheiter er talet om lag 75 prosent.

– Dei fleste komfyrbrannane skjer natt til laurdag og sundag og det er typisk studentar som står bak.

Ei kvinne i 20-åra blei i Bergen til 45 dagar vilkårsbunde fengsel for å ha starta ein storbrann med mat ho gløymde på komfyren.

Gjennom å retta seg spesifikt mot studentar, håpar brannvesenet å redusera risikoen for utrykkingar til rusa, trøytte og svoltne studentar.

– Alle som har vore på byen veit at svolten byrjar å melda seg når klokka nærmar seg midnatt. Me håpar at studentane tenkjer seg om og i staden kjøper ei pølse eller ein kebab på veg heim, seier Sommerlade.

 Ida Landmark Fjermestad og UiB-rektor Dag Rune Olsen

VAKTORDNING: Faddervaktordninga i Bergen sørger for at studentane er trygge i fadderveka. Leiar for vaktordninga, Ida Landmark Fjermestad, og UiB-rektor Dag Rune Olsen snakkar med studentar i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bekjemper brannfare med bollar og bananar

Rundt hundre frivillige faddervakter sørger for å halda gatene i Bergen trygge når fadderarrangement går føre seg. Vaktene hjelper studentar med å finna vegen heim og deler ut bollar og bananar til svoltne festdeltakarar.

Tiltaket har vist seg å vera nyttig for å unngå at studentar går svoltne heim, seier leiar for Faddervaktordninga i Bergen, Ida Landmark Fjermestad.

– Intensjonen var ikkje å hindra at studentar set på omnen når dei kjem heim, men det er bra om dette gjer at studentar ikkje blir freista til å setja på steikeomnen før dei skal legga seg.