Hopp til innhold

Bompengedebatt i SV: Vil gjere bussbilletten billigare enn bomringen i alle norske byar

Vestland SV ønsker at prisen for ein kollektivbillett alltid skal vere lågare enn det kostar å køyre gjennom bomringen med privatbil.

Bil på vei gjennom bomringen

BOMPENGEFORSLAG: – Målet er at det skal bli betre å ta bussen, og at det skal bli ei større ulempe å køyre bil, seier Jarle Brattespe i Bergen SV.

Foto: Nadir Alam / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det bygger opp til ein heftig bompengedebatt på landsmøtet i SV i helga.

Rogaland SV føreslår å gå inn for å slutte å bruke bompengar til å finansiere vegprosjekt.

Forslaget har møtt motbør frå partileiinga.

Og fylkesleiinga i Vestland SV føreslår no saman med Bergen SV at det skal vere dyrare å køyre gjennom bomringane i byane enn det kostar å velje kollektivt.

– Vi meiner det er eit viktig prinsipp at bompengesatsen skal vere høgare enn prisen på bussen. Dette vil vere bra politikk i alle storbyane.

Det seier Jarle Brattespe, tredjekandidat for Bergen SV.

– Vi er ueinige i strategien til Rogaland SV. Ein må kunne nytte bompengar lokalt for å løyse trafikkutfordringar, så lenge det bidrar til ei omstilling frå bil til kollektivt, seier førstekandidat Marthe Hammer i Vestland SV.

Jarle Brattespe, SV

JA TIL BOMPENGAR: Jarle Brattespe i Bergen SV meiner bompengane bør nyttast til å finansiere billigare kollektivbillettar.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

SV-politikarane vil finansiere billigare kollektivprisar ved å behalde rushtidsavgifta og samstundes auke bompengesatsane elles i døgeret.

I Bergen kostar det i bomringen 30 kroner med dieselbil utanfor rushtida, og 24 kroner med rabattavtale. Til samanlikning kostar ein billett på buss og bybane 38 kroner.

I rushtida er prisen med dieselbil 56 kroner, eller 44,8 kroner med rabattavtale.

Bompengar sikra Bybanen

Rogaland SV er ikkje framand for å bruka rushtidsavgift til finansiering av kollektivbillettar, men meiner at å nytte bompengar til å finansiere vegprosjekt bidrar til meir utbygging og auka trafikk.

– Målet er å redusere vegbygging, som vil betre klimaet, redusere nedbygging av matjord og styrke grunnlaget for kollektivtilbodet, seier gruppeleiar i Rogaland SV, Heidi Bjerga.

Marte Hammer seier bompengefinansiering av kollektivtilbod har vore gull verdt i Bergen.

– Vi hadde ikkje hatt ein bybane om vi ikkje hadde hatt bompengar. Den er i stor grad finansiert av bomringen, seier ho.

Marthe Hammer SV

KOLLEKTIVTILHENGAR: – Vi hadde ikkje hatt ein bybane om vi ikkje hadde hatt bompengar, seier Marthe Hammer i Vestland SV.

Foto: Sølve Rydland / NRK

«Adjø, solidaritet»

– Det første eg tenkjer på når eg høyrer dette, er Wam og Vennerød-filmen frå 1980-talet som heiter «Adjø, solidaritet», seier Trym Aafløy frå «Folkeaksjonen nei til meir bompengar».

Han meiner Vestland SV og Bergen SV ikkje lenger har solidaritet med innbyggjarane.

– Dei er berre ute etter å bruke bilistane som ei mjølkeku for politiske kjepphestar. Forslaget til SV er skammeleg.

Aafløy hevdar at også han ønsker lågare kollektivprisar, men seier det ikkje skal råke bilistane.

– Det er staten si oppgåve å skaffe låge kollektivprisar. Det er dei som skal oppfylle Paris-avtalen. Bilistane er allereie med på å betale gjennom den vanlege skatten. At det skal vere ein eigen bilskatt i tillegg, er absurd, seier han.

Trym Aafløy

MOTSTANDAR: Trym Aafløy i «Folkeaksjonen nei til meir bompengar» seier SV ikkje lenger kan kalle seg solidariske.

Foto: Lars Christian Wallace