Hopp til innhold

Er Mæland vår neste næringsminister?

Ikkje mange ministerpostar er igjen til Monica Mæland. ByrådsIeiaren i Bergen har i morgon sett opp eit møte ingen av deltakarane har høyrt om.

Monica Mæland

KAN BLI NÆRINGSMINISTER: I Høgre vert det spekulert i om byrådsleiar Monica Mæland vert næringsminister i den nye regjeringa.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Mæland møteplan

VEKEPLANEN: Onsdag klokka 12.00 var det oppført eit møte med Tom Haukedal og Opus. I ettermiddag er møtet fjerna.

Foto: Bergen kommune / Skjermdump

Tysdag ettermiddag er statsrådskabalen så godt som lagt etter ei rekke lekkasjar frå mediehusa dei siste dagane.

Men så langt har ikkje nokon av postane knytt til byrådsleiar Monica Mæland i Bergen. Høgre-profilen er rekna for å vera eit heitt namn til ein statsrådpost frå Vestlandet.

Hadde «fiktivt» møte onsdag kl. 12.00

Samstundes som den nye regjeringa skal presenterast Vandrehallen på Stortinget i hovudstaden, har byrådsleiaren innkalla til eit møte med Tom Haukedal og Opus i Bergen.

– Dei har alt halde møtet med Filip Rygg. Så dette møtet er ikkje lenger aktuelt, seier dagleg leiar i Opus Tom Jensen til NRK.

Det var Bergensavisen som først skreiv om møteplanen til Mæland. Då avisa sjekka med Haukedal og Jensen i Opus, visste ingen av dei at dei skulle i eit møte med byrådsleiaren.

– Eg skal ikkje møte Mæland i morgon. Skal ikkje ho stå på slottsplassen med Solberg i morgon?, humrar Tom Haukedal til BA.

Blir ho statsråd?

Møteplanen gir ny næring til dei sterke rykta om at Mæland skal til Oslo for å bli med i regjeringa til Erna Solberg.

Jensen i Opus seier til NRK at han trur det oppsette møtet er ein rein glipp.

– Eg trur ikkje eg skal spekulera i om dette er eit forsøk på å gøyma noko. Det veit eg ingenting om, ler Jensen.

Tysdag ettermiddag er møteplanen for onsdag endra. No har byrådsleiaren heilt fri.

Få plassar att

I løpet av dagen har kjelder bekrefta fleire namn til dei ulike statsrådsposisjonane.

Igjen står næringsminister og miljøvernminister. Fleire kjelder i Høgre spekulerer i at Mæland blir landets nye næringsminister.

Om så skjer, er det mest sannsynleg Høgre-politikar Ragnhild Stolt-Nielsen som tar over posisjonen som byrådsleiar i Noregs nest største by.