Hopp til innhold

Ho tek over om Mæland vert statsråd

Byrådsleiar Monica Mæland er høgaktuell til ein ministerplass i den komande regjeringa. Skulle det skje, er det Ragnhild Stolt-Nielsen som tek over roret i Bergen.

Ragnhild Stolt-Nielsen (H)

TAR OVER: Sentrale kjelder i Høgre bekreftar ovanfor Bergens Tidende at Rangnhild Stolt-Nielsen tek over roret som byrådsleiar om Monica Mæland vert statsråd.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er Bergens Tidende som skriv at sentrale kjelder i Høgre bekreftar at Ragnhild Stolt-Nielsen vert ny byrådsleiar om Monica Mæland gir seg.

44 år gamle Stolt-Nielsen har totalt ti år bak seg i bystyret i Bergen. I dag er ho gruppeleiar for Høgre og leiar bystyrets finanskomitè. Ifølgje BT skal fleire sentrale politikarar vera orientert om kva som skjer om Erna Solberg ber Monica Mæland kome til Oslo og den blåblå regjeringa.

Nektar å sei noko

Sjølv nektar Stolt-Nielsen å sei noko som helst om dei eventuelle, men sannsynlege, rokeringane i byrådet i Bergen.

– No lev ikkje eg i ein hypotetisk verkelegheit. Vi veit ikkje om Mæland vert statsråd. Dette har eg ingen kommentarar til, og det veit du, seier ho til avisa.

Ho legg likevel til at det er hyggeleg fleire peikar på ho som den som tek over roret i Noregs nest største by.

Hove sa nei

Lenge vart det sagt at om Mæland vart statsråd regjeringa Solberg, så vil jobben som byrådsleiar i Bergen stå mellom Stolt-Nielsen og skulebyråd Harald Victor Hove.

Men i september gjekk sistnemnde ut i Bergensavisen og sa at det ikkje vert han.

– Når dykk stadig masar om kven som blir den neste byrådsleiaren, så kan eg no seia at det ikkje vert meg, sa Harald Victor Hove til BA den gong.