Hopp til innhold

Barneombodet om sikkerheitsfeil i Bergen: – Barn kunne blitt utsett for fare

Sterke reaksjonar på den siste datasvikten i Bergen kommune. No vil fleire parti ha nok ei høyring om datasystema i bergensskulen.

Inga Bejer Engh (47) nytt barneombud.

- ALVORLEG: Barneombod Inga Bejer Engh forventar at norske kommunar har system som sikrar personvernet til barn. Ho reagerer på den siste alvorlige svikten i Bergen kommune.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Dette kan få alvorlege følger for barn, og i ytste konsekvens føre til at enkelte barn blir utsett for fare, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Onsdag kveld vart det kjent at Bergen kommune har sendt avviksmelding til Datatilsynet.

Opplysningar om mellom anna barn som bur på hemmeleg adresse var gjort tilgjengeleg for foreldre utan foreldreansvar gjennom den nye appen Vigilo.

Barneombodet reagerer på sikkerheitsfeilen. Engh forventar at norske kommunar har system som sikrar personvernet til barn.

– Offentlege styresmakter må vera heilt sikre på at dei ikkje set barn i ein slik situasjon når dei tek i bruk nye system. Dette forventar eg at norske kommunar tek tak i.

Vigilo appen i bergen kommune
Foto: Therese Pisani / NRK

– Fatale konsekvensar

Saka skapar også sterke politiske reaksjonar i Bergen. Den alvorlege feilen blir kjent berre nokre månadar etter at det var høyring om ein anna alvorleg sikkerheitssvikt i kommunen.

Datatilsynet gav Bergen kommune 1,6 millionar kroner i bot i den saka.

Henning Warloe (H) og Sofie Marhaug (R) var av dei som var mest kritiske den gongen.

No vil Marhaug kalla skulebyråden inn på teppet til eit ekstraordinært orienteringsmøte i komiteen for skule, barnehage og idrett. Warloe vil ta saka opp i neste bystyremøte.

– Dette verkar å vera ein ganske stygg sak, for å ikkje seie farleg sak, seier Marhaug (R).

– Dette er ein veldig alvorleg sak, og om mogleg enno meir alvorleg enn den førre. Dette kunne fått fatale konsekvensar, meiner Warloe (H).

Sofie Marhaug (Rødt) i Bergen bystyre våren 2019

KALLAR BYRÅDEN INN PÅ TEPPET: Sofie Marhaug (Raudt) ber om ein orientering om saka i eit ekstraordinært komitemøte.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK Hordaland

Informerte ikkje politikarane

1. oktober var det møte i komiteen. Dagen etter gjekk kommunen til Datatilsynet og melde om det alvorlege avviket.

– Vi har ansvar for å føre tilsyn med at kommunen har kompetanse. Eg reagerer veldig sterkt på at saka blir kjent for oss først i media, seier Warloe.

Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) bekreftar at ho ikkje orienterte om saka i komitémøtet. Ho seier dette var av omsyn til familiane som er råka av tryggleiksbrotet.

Ho ville ikkje risikere at det lekka ut informasjon offentleg som kunne skape ytterlegare risiko for dei.

– Derfor bad vi også Datatilsynet om å halde att offentleggjeringa av avviket, forklarer Engø.

Warloe seier at komitémøtet kunne ha blitt lukka for offentlegheita, slik at politikarane kunne blitt informert om sikkerheitsfeilen.

– Viss ikkje skulebyråden stolar på komiteen som er hennar oppdragsgjevar, så har vi eit alvorleg problem, seier Høgre-politikaren.

Trine Samuelsberg og Linn Kristin Engø under høringen om hackerskandalen i Bergen

KAN BLI NY HØYRING: Kommunaldirektør Trine Samuelsberg (t.v.) og skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) under høyringa etter hackingskandalen i Bergen i juni.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Trur saka kan bli politimeld

Engø seier ho er takknemleg for den observante forelderen som i september gav beskjed om at det var ein feil i Vigilo-appen.

– Dette skulle aldri skjedd og det beklagar eg. Så vil eg vera tydeleg på at eg når som helst orienterer politikarane om saka no i etterkant, seier Engø.

Sofie Marhaug (R) er lite imponert over det som har kome fram i saka så langt.

– Det er for dårleg at det dukkar opp ei ny alvorleg sak etter den oppvasken vi hadde i førre omgang. Konklusjonen var jo å gå gjennom rutinane og passe på at ein hadde gode nok system.

Warloe trur det blir høyring også denne gongen. Frp seier til BT at dei vil ta initiativ til det.

– Dette er eit alvorleg brot på folks tryggleik. Eg vil sjå det som heilt naturleg at nokon går til politimelding mot kommunen i denne saka.

Henning Warloe

FEKK INFO I MEDIA: Henning Warlo (H), nestleiar i komiteen for skule, barnehage og idrett i Bergen bystyre, reagerer på at det ikkje vart gitt info om saka før det gjekk ut i media.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / SIMON S. BRANDSETH / NRK

Tok månadar før feilen var oppdaga

Dei sensitive dataa i appen Vigilo låg i teorien tilgjengelege for foreldre utan foreldreansvar frå 12. mai til 5. september.

Då stengde kommunen tilgangen, etter å ha blitt varsla av ei mor som oppdaga at far til barnet låg inne i appen.

477 personar som ikkje var registrert med foreldreansvar fekk e-post frå kommunen, og dermed tilgang til informasjonen.

Bergen kommune har i ettertid funne ut at mange av desse har rett på informasjon om barna, men dei har identifisert ti familiar der informasjonen er gjort tilgjengeleg for folk som ikkje skulle hatt denne informasjonen.

– Vi er i kontakt med familiane for å avklare om dette har ført til auka risiko i deira kvardag, sa kommunaldirektør Trine Samuelsberg til NRK torsdag.