Hopp til innhold

Politiet kom på døra og kravde ID frå alle bebuarar – uka etter var mange borte

BERGEN (NRK): I haust har politiet trappa opp jakta på utlendingar som er i Noreg utan lovleg opphald.

Sebastian Schwalbach i Kirkens bymisjon

BORTE: Sebastian Schwalbach ved Kirkens Bymisjon fekk politiet på døra førre veke. No er mange av gjestane på akuttovernattinga borte.

Foto: Siri Løken / NRK

– I førre veke kom politiet på døra og samla inn id-papir. Fleire vart sendt heim til Romania. Vanlegvis overnattar eit 20-tals rumenarar her, men plutseleg forsvann seks gjester, fortel Sebastian Schwalbach.

Han driv akuttovernattinga som Kirkens Bymisjon driv for vanskelegstilte i Bergen. Her kjem både tiggarar, heimlause og andre som treng hjelp for ei natt.

Den siste månaden har dei merka politiet sin auka innsats for å kasta ut utanlandske statsborgarar som dei meiner oppheld seg ulovleg i landet.

452 kasta ut på ein månad

Ifølge Politidirektoratet vart 452 utlendingar sendt ut av landet på landsbasis i september, anten ved bortvisning eller ved utvising. Det er godt over snittet for resten av 2016, som ligg på 400 per månad.

Berre i Vest politidistrikt gjeldet det nærare 50 personar i september og oktober.

Det er mange som har kome til oss og er redde.

Ingrid Døskeland, Robin Hood-huset

Dei har fått ekstra pengar frå Justisdepartementet for å auka innsatsen mot personar som oppheld seg ulovleg. Dei som vert sende ut er både EØS-borgarar og personar utanfor EØS.

Både i Bergen og i landet elles utgjer rumenarar ei stor gruppe av dei som er sendt ut.

– Det vert nok merka i det rumenske miljøet at vi har auka innsatsen no, seier politiadvokat Arne Fjellstad ved utlendingsseksjonen i Vest politidistrikt.

Politiadvokat Arne Fjellstad i utlendingsseksjonen

Politiadvokat Arne Fjellstad i Vest politidistrikt er av dei som har fått ekstra midlar for å auke innsatsen mot personar som oppheld seg ulovleg i landet.

Foto: Siri Løken / NRK

– Mange frustrerte og opprørte

Til Robin Hood-huset i Bergen, ein møtestad for økonomisk vanskelegstilte, kjem mange EØS-borgarar som ønskjer råd og rettleiing.

Ingen av dei frå Romania ønskjer å snakke med NRK, fordi dei er redd det vil få konsekvensar om dei snakkar offentleg.

Men rådgjevar Ingrid Døskeland seier mange rumenarar no er opprørt og frustrert over politiet sin framgangsmåte.

– Det er mange som har kome til oss og er redde. Dei har fått inndratt ID-papira sine, samt at dei føler det er manglande informasjon.

Like lenge ute som inne

Ingrid Døskeland, rådgiver ved Robin Hood-huset

Rådgjevar Ingrid Døskeland ved Robin Hood-huset meiner politiet må informere betre.

Foto: Siri Løken / NRK

Ein EØS-borgar har rett til å opphalde seg i landet i tre månadar, før dei må ut.

– Med mindre dei har andre opphaldsgrunnar. Mange må ut fordi dei har gjort seg skuldig i kriminalitet.

– Kor lenge må ein vera vekke før ein kan koma tilbake?

– Det er ikkje eit eintydig svar her, men utgangspunktet er at ein skal vere lenger ute av landet enn ein har vore inne, seier Fjellstad.

Reglane er for uklare, meiner Døskeland ved Robin Hood-huset.

– Rumenarane flest er kjende med kravet om å vera i landet i tre månadar. Men ikkje at ein skal vera minst tilsvarande ute av landet. For dei er dette eit ukjent regelverk. Politiet burde informera i staden for å henta inn ID-papir.

Dei meiner det er viktig og bra at politiet skjerpar inn kontrollar av ulovleg opphald, men stiller fleire spørsmål ved politiet sine metodar i Bergen den siste tida:

– Me meiner det er ein trussel mot rettstryggleiken når personar som trur dei oppheld seg i landet lovleg får vedtak om bortvisning raskare enn dei har tid til å orientera seg og innretta seg etter den tolkinga av reglane som politiet no legg seg etter.

– Når politiet òg vel å oppsøkja desse personane ved dei frivillige organisasjonane, slik som Bymisjonen si overnatting, så er dette med på å skapa mistru til både organisasjonane og politiet, seier Døskeland.