Hopp til innhold

Åtvarar om pengekøyr mot barn og unge på Snap: – Hald auge med loggen i nettbanken

Ungdomsskuleelevar utnyttar barn med lågare sosial status økonomisk. – Heilt vanleg å gje bort pengar for å bli meir populær, seier helsesjukepleiar.

SNAP-RESULTS/

SNAPCHAT: Ungdom har bede om pengar gjennom sosiale medium som Snapchat.

Foto: Thomas White / Reuters

  • Åttandeklassing selde brukte merkeklede av typen Gant etc. for mange hundre kroner per plagg. Kjøparane var mindre populære gutar.
  • Ungdomsskulejente bad på Snapchat om pengar til ny Apple-TV. På to timar fekk ho 2500 kroner.
  • Populære elevar på ungdomsskule i Bergen selde «shoutouts» til alle for fem kroner per stk.
  • «Influensar» med over 20.000 følgarar ber regelmessig folk sende pengar eller køyre han rundt gratis.
  • Elevar på ein annan skule i Bergen gjekk rundt i skulegarden og bad om småpengar til å kjøpe bollar. Dei fekk inn 150 kroner og begynte å bruke metoden regelmessig.

– Omfanget er stort, mykje større enn vi trur. Dei ber om pengar til ting dei ynskjer seg, sel shoutouts og kleda sine. Foreldra anar ikkje ein skit, seier Pernille Brattaule, som er avdelingsleiar for helsesjukepleiarane i Laksevåg og Fyllingsdalen bydelar i Bergen kommune.

Pernille Brattaule

HELSESJUKEPLEIAR: Pernille Brattaule.

Foto: Privat

– Tøyer grensene når dei ser det går bra

Den erfarne helsesjukepleiaren meiner ungane tøyer grensene meir og meir.

– Når du ser at det går bra, blir det gøy og spennande. Akkurat som det var for foreldra å komme inn på ein uteplass med 18-årsgrense når du sjølv ikkje var gamal nok, seier Brattaule.

Ho seier foreldra ikkje må kjenne seg trygge sjølv om dei fylgjer barnet sitt på snap.

– «Alle» har fleire kontoar. Alt dei treng å gjera for å få ein Snapchat- eller Instagram-konto foreldra ikkje veit om, er å opprette ein fiktiv gmail-konto. Vi foreldre ligg alltid eit hestehovud bak, seier Brattaule.

Barn krev pengar for shoutouts

SHOUTOUT: Populære elevar tar betalt for å nemne andre ungdommar i sosiale medium.

Foto: Tipsbilde/NRK

Meiner tausheit er nye mobbinga

NRK fortalde nyleg om at barn ned i 13-årsalderen betalar på Vipps for såkalla shoutouts frå andre populære barn og unge på Snapchat og Instagram.

I fleire tilfelle køyrer tilbydaren nærast ein bodrunde. Den som betalar mest «vinn» ein shoutout.

– Det handlar om at dei minst populære barna ynskjer å vere noko anna. Den nye forma for mobbing er tausheit. Dei får ikkje følgarar og dei blir ikkje nemnt. Derfor betalar dei, seier Brattaule.

– Barn ser innsamlingar overalt

Rådgjevar Kaja Hegg i Redd Barna meiner det ikkje er rart at barn og unge tek i bruk digitale verktøy for å få tak i pengar.

– Ungar veks opp i ein kultur på nettet der innsamlingar av alle slag er vanleg. Det veit vi vaksne sjølve frå Facebook. Problemet når barn gjer sånt er at det kan bidra til å normalisere slike handlingar og forsterke press om både forbruk og å gje pengar, seier Hegg.

Ho meiner trenden viser grunnleggande forandringar i samfunnet og at barndommen no blir stadig meir kommersialisert.

– Digitale plattformer endrar rammene for barn og unge sin oppvekst og korleis dei har det. Derfor må dei få meir rettleiing om bruk av pengar og forbruk. Heile samfunnet må ha meir fokus på dette, vi kan ikkje berre overlate det til kvar enkelt forelder, seier Hegg.

Kaja Hegg

VANLEG: Kaja Hegg i Redd Barna er ikkje overraska over trenden.

Foto: KJETIL GRUDE FLEKKØY / NRK

Ber foreldra ikkje vere kompis eller «kule»

Pernille Brattaule, som sjølv har jobba som helsesjukepleiar i Bergen i mange år, seier einaste måte å halde kontroll på ungdommanes pengeforbruk på, er å halde nøye auge med loggen i nettbanken og ta ein etikk- og moral-prat om nødvendig.

– Oppdagar du at det går ut eller kjem inn mykje pengar utan nokon god forklaring, så snakk med dei. Ta dei med på biltur, det er ofte dei beste samtalane. Då slepp dei sjå deg i augo, seier ho.

Brattaule åtvarar også mot å vere for mykje kul og kompis med ungdommane.

– Foreldre er ikkje der for å vere vener med barna. Vi er foreldre. Husk at det ikkje er 13-åringen som bestemmer, seier ho.