Hopp til innhold

Barn betaler for shoutouts og nye følgjarar

Populære tenåringar gjer butikk på statusen sin i sosiale medium. Dei med få følgjarar pungar ut. – Hjarteskjerande, seier Kjellaug Tonheim Tønnesen i stiftelsen Barnevakten.

Barn krev pengar for shoutouts

LEGG UT NUMMER: Slik ber skuleelevar i Bergen om pengar på Snapchat og slik takkar dei «vinnaren». Jentene som la ut denne fekk totalt inn minst 160 kroner.

Foto: Tipsbilde/NRK

Ein 13-åring frå Bergen måtte betale 200 kroner til ein eldre gut i Oslo for ein einsleg shoutout på Instagram.

– Oslo-guten hadde tjue tusen følgjarar og skreiv at det berre var å sende DM, så skulle han nemne dei og gje dei mange nye følgjarar. Han tente nok mykje pengar den dagen, seier 13-åringen si mor.

Ein shoutout er å gi nokon ei offentleg helsing eller nemne namnet deira i sosiale medium.

– Oppdaga tilfeldig i nettbanken

13-åringen betalte gjennom Vipps under 15, ei forenkla utgåve av Vipps med foreldrekontroll. Men guten blei både redd og flau, og han sletta derfor alle spora i appen.

Mora oppdaga overføringa heilt tilfeldig i nettbanken.

Der stod også fullt namn og kontonummer på mottakaren.

– Det kan umogleg vere lovleg å halde på slik. Ikkje er det spesielt smart heller, for namnet ligg jo i nettbanken etterpå, seier mora, som av omsyn til sonen ikkje ønsker å stå fram med namn eller bilde.

Skulejenter tek betalt av gutar

NRK veit at det også i skulemiljø i Bergen og andre stader i landet er unge tenåringar som tener pengar på å selje shoutouts til andre på same skule.

I eitt av eksempla tilbyr tre jenter shoutout mot betaling gjennom Vipps.

Undervegs postar dei screenshots av innbetalingane og prøvar å få nokon til å betale endå meir.

Då dei kjem opp rundt 70 kroner, vil ingen gå høgare.

Til slutt takkar dei «vinnaren» og postar Snapchat-namnet hans i ein story.

Foreldre kjøper vaksenspel til barna

SKREMT: Kjellaug Tonheim Tønnesen hos Barnevakten seier praksisen er kjent frå useriøse profilar på Snapchat, Instagram, TikTok og YouTube.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Pungar ut for å få høgare status

– Dette er første gong eg høyrer om at slikt skjer ungar imellom. Men det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at dei populære kan tene mykje pengar på denne måten. Det grensar til manipulering og tigging, seier fagleg leiar hos stiftelsen Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Ho seier praksisen derimot er velkjent frå enkelte useriøse profilar på Snapchat, Instagram, TikTok og YouTube og meiner barna har kopiert framgangsmåten frå folk dei sjølv følgjer.

– Dette er ein ukultur kor det handlar om å bli sett og å kjøpe seg status. Det er stas at ein kjendis eller populær person seier namnet ditt, og det er viktig å få så mange følgjarar som mogleg. Når du ikkje sjølv klarar det, kan du betale for å få det, seier Tønnesen, som karakteriserer det heile som «hjarteskjerande»

Kaja Hegg, rådgjevar i Redd Barna, bekreftar at det er pengar i omløp på Snapchat og andre sosiale medium.

– Men akkurat denne varianten er ny for meg. Det spesielt interessante her er at følgjarane då veit at omtale er betalt for, men at det likevel blir sett på som verdifullt, seier Hegg.

Ukjend for politiet

Heller ikkje nettpatruljen i Vest politidistrikt har høyrd om dette. Fagleiar og politioverbetjent Rune Fimreite tvilar likevel ikkje på at det skjer.

– Likes og følgjarar er noko som opptek mange, og her ser tydelegvis nokre av dei populære og «kule» sitt snitt til å tene litt på det, seier Fimreite.

Forbrukartilsynet er derimot kjend med at dette skjer. Juridisk seniorrådgjevar Aline Schøn Papetti seier det kan vere i strid med Markedsføringsloven.

– Om ein influensar direkte oppmodar barn til å vippse pengar for ein shoutout, kan det vere ulovleg, seier ho, og ber foreldre sende klage til tilsynet om dei oppdagar at barna har sendt pengar for slike tenester.

Kommunikasjonssjef i Vipps, Hanne Kjærnes, seier dei ikkje har vore kjent med at appen blir brukt av ungar til kjøp og sal av slike tenester.

Selskapet opplyser at dei overvaker transaksjonar fortløpande for å oppdage og stoppe misbruk, også hos brukarar under 15 år.

– Ikkje klikk på ungane

Kjellaug Tonheim Tønnesen hos Barnevakten oppfordrar foreldre til å vere på vakt og informere skule og andre foreldre dersom ein oppdagar at det går føre seg kjøp og sal av shoutouts og liknande.

– Det er viktig å ikkje klikke på barnet. Snakk med ungane og prøv å forstå greia, seier ho, og får støtte hos politiet:

– Vis at du er der for ungane. Ikkje kjeft, hjelp dei heller med å løyse utfordringane, seier Rune Fimreite i Politiets nettpatrulje.

Har du oppleveingar med shoutouts på sosiale medium? Tips oss gjerne!