Hopp til innhold

Aldri før har dei hatt det så travelt

Redningsselskapet har sin kanskje travlaste sommar nokon gong. Sist helg hadde dei over hundre redningsoppdrag rundt om i Noreg. Over halvparten av desse var på Vestlandet.

Christian Gerhard Jebsen

TRAVELT: Aldri før har Redningsselskapet hatt ein travlare sommar.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Vi har køyrt 60 nautiske mil i dag, og klokka er berre 17, seier Vidar Johannesen, kaptein på Redningsskøyta Christian Gerhard Jebsen.

Mellom fire og ni oppdrag kan det bli på ein dag berre for denne skøyta. Dei har base i Bergen, men tek oppdrag langs heile Hordalandskysten.

Vidar Johannessen

KAPTEIN: Vidar Johannesen, kaptein på Redningsskøyta Christian Gerhard Jebsen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Ein typisk dag byrjar rundt kl. 12, og så går det i eitt til kvelden. Normalt er det ganske stille på natta, fortel Johannesen.

Fritidsbåtar står for dei fleste oppdraga.

Motorstopp og propell-trøbbel

Juni og juli er høgsesong for båtturistar, og dermed også for Redningsselskapet.

Dei feirar 125 år i år, og aldri før har fleire tronge deira hjelp enn denne sommaren. Slik er det i heile landet.

I juni hadde skøytene om lag 1000 oppdrag. Det er ei auke på rundt 15 prosent frå i fjor. Båtfolk i Hordaland og Sogn og Fjordane åleine har stått for over 50 prosent av oppdraga.

– Det er mykje motortrøbbel. Når motoren stoppar ligg dei og driv og kan treffe land.

Dramatiske redningsaksjonar

Enno er det eit par månader igjen av den hektiske sommarperioden før hausten kjem med uver og nye utfordringar. Men dei er ikkje redde for å ta i eit tak.

Daglege gjeremål er å hjelpa sjøfarande med små og store problem før situasjonen blir verkeleg alvorleg.

Dramatiske redningsaksjonar i storm og uver er noko dei har opplevd i alle år.

Ernst Bigset

BÅTEIGAR: Båteigar Ernst Bigset er takksam for hjelpa.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

I dag har dei også eit oppdrag i Kilstraumen, lengst nord og vest i Hordaland. Ein båt har mista framdrifta.

Dei kom seg så vidt gjennom den farlege og sterke straumen.

Propell-trøbbel

MOTORTRØBBEL: Ein båt har mista motorkrafta og redningsselskapet hjelper.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

No står vona til Redningsskøyta – styrmann og dykkar Kari Dahl går ned for å sjekka propellen. Båteigar Ernst Bigset er takksam for hjelpa.

– Vi håpar dei kan løyse problema, og dermed berge sommarturen. Vi får sjå kva dei finn, seier Bigset.

Kilstraumen

KILSTRAUMEN: Mange båtfolk er på ferie langs norskekysten.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK