NRK Meny
Normal

– Stillingskutta kjem ikkje som eit sjokk

Statoil Mongstad kuttar 200 årsverk fram mot 2016. Beskjeden kom ikkje brått, men var likevel trist for fungerande ordførar i Lindås, May Eva Sandvik (H).

Statoil Mongstad og ordførar i Lindås kommune

IKKJE EIT SJOKK: Beskjeden om nye kutt i Statoil på Mongstad kom ikkje som eit sjokk på fungerande ordførar i Lindås kommune, May Eva Sandvik.

Foto: SCANPIX, Chris Kyllingmark/Carl Ohr

Det var avisa Strilen som først melde om stillingskutta. Dei siste fire åra har Statoil på Mongstad mista 250 årsverk. No ryk 200 til.

– Eg var klar over at Statoil er inne i ein omstillingsprosess, men det er først i kveld at eg fekk denne nyheita, seier den fungerande ordføraren i Lindås kommune til NRK.

– Ein tøff situasjon

Store delar av kommunen sine innbyggjarar har arbeidsplass i Statoil på Mongstad, og det som skjer no påverkar kommunen i stor grad.

– Det er klart at Statoil er utruleg viktig. Vi har gått frå å vere jordbruksregion til å bli ein av landets fremste industriregionar på grunn av dei, så eg synest det er utruleg trist og leitt det som skjer no, seier Sandvik.

Fungerande direktør ved Mongstad, Øystein Austrheim, seier til Strilen at det er ein tøff situasjon.

– Men vi er ein tøff bransje med hard konkurranse mellom raffineria i Europa. Etter eit overskot i 2012 kjem vi ut igjen med minus i 2013, og vi har krav på oss om å forbetre resultatet med kring ein milliard i løpet av dei neste åra.

Dårlege driftsresultat enn venta er årsaka til at Statoil no kuttar 30 milliardar kroner i investeringa frå 2014 til 2016.

Har dialog med Statoil

Lindås kommune har ifølgje ordføraren hatt god dialog med Statoil heile vegen.

Torsdag kveld snakka ho med informasjonsansvarleg i Statoil, og Sandvik reknar med at det snarleg vil bli arrangert eit nytt møte mellom oljeselskapet og kommunen. Kva som blir kommunen si oppgåve oppi det her er framleis litt usikkert. Sandvik veit heller ikkje kor rask kuttprosessen vil bli.

– Vi må først få oversikt over det, og over om desse får seg arbeid her i regionen. Eg håpar og trur at vi har ein god arbeidsmarknad her. No veit eg ikkje kva type stillingar dette er snakk om, men vi har eit stort behov for både fagarbeidarar og ingeniørar, seier ordføraren.

– Ein bølgjedal

Trass i ein mørk situasjon trur Sandvik likevel på betre tider.

– No skal jo olje frå Johan Sverdrup førast inn til Mongstad, og forsyningsbasen der ute skal bli mykje større. Så eg håpar og trur at dette er ein liten bølgjedal og at vi kjem oss opp igjen, seier ho.

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.