Hopp til innhold

Her starta streiken i dag

Sjølv om det er skuleferie startar 36 lærarar ved Rothaugen skule i Bergen sommaren med å streike i dag.

Rothaugen skole

Rothaugen skule: Her starta streiken i dag.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

90.000 lærarar i Utdanningsforbundet går til streik, etter den omstridde arbeidsavtalen mellom KS og lærarane.

Det er no skuleferie og ein kan difor først venta at ein vil merke konsekvensane av streiken i august. Likevel er det ein enkel skule i Norge, nemleg Rothaugen skule i Bergen, som vert tatt ut allereie tysdag 1. juli.

– Streiken er formelt erklært starta her, men den har minimale praktiske konsekvensar fordi det er ingen av dei streikande som er engasjert i streikearbeid, seier Roar Ulvestad som er lokal tillitsvalt ved Rothaugen skule.

Symbolnivå

Streik

Roar Ulvestad seier streiken har minimale praktiske konsekvensar.

Foto: Rita Evjenth

– Er det ikkje rart at skulen streikar når lærarane likevel har sommarferie?

– Det hadde vore rart om ein hadde tatt ut 50 skular i streik no. Her følger ein derimot prinsippet om at i det augeblikket streiken er eit faktum, så skal nokon bli tatt ut i streik for å vise folk flest og oss sjølve at streiken er i gang, seier Ulvestad.

Dette blir no gjort ved Rothaugen skule, sjølv om lærarane har gått i ferie.

– Dette er med på å vise at vi har byrja med streiken og at den er ein realitet. No er det ingen veg tilbake og det er dette vi vil, seier Ulvestad.

Vise at vi er i gang

– Dette er ein beskjed om at no er det i gang, sjølv om det ikkje har praktiske og negative konsekvensar i denne sommarmånaden, seier Ulvestad.

Ved skulestart vil eit større tal på skular bli tatt ut i streik. Ved oppstarten vil eit stort tal på lærarar, i staden for å møte til planleggingsdagar, gå på streikemøte.

– Her vil vi bli einige om korleis vi skal gjennomføre streiken reint praktisk, seier Ulvestad.