– Skuffa. Rasande. Forbanna.

Planane om å leggja ned vidaregåande skular i Hordaland, inkludert Noregs beste, vekkjer sterke reaksjonar.

Per Lerøy

SINNA: – Eg er veldig skuffa, rasande, for ikkje å seia forbanna, seier ordførar Per Lerøy i Austrheim.

Foto: SØLVE RYDLAND

– Eg er veldig skuffa, rasande, for ikkje å seia forbanna, seier ordførar Per Lerøy (Ap) i Austrheim.

Austrheim vidaregåande er ein av 11 som Hordaland fylkeskommune vil leggja ned, i tillegg til fleire avdelingar på andre skular.

– Eg trudde at vi hadde landa denne saka, og eg trudde me var samde om at det bør vera to vidaregåande skular i Nordhordland, seier Lerøy til NRK.

– Eit paradoks

Han er ikkje den einaste som fortvilar. For to veker sidan blei Rubbestadnes vidaregåande skule på Bømlo kåra til Noregs beste. No vil fylkeskommunen leggja han ned.

Per Gåsland

FORSTÅR IKKJE: – Eg må vere heilt ærleg og seia at dette er paradoksalt, seier Per Gåsland, rektor ved Rubbestadnes vidaregåande skule.

Foto: SØLVE RYDLAND

– Eg må vere heilt ærleg og seia at dette er paradoksalt. Me får gode ting til på Bømlo i lag med næringslivet og lokalsamfunnet elles. Det er vanskeleg å svelgja dette, seier Rune Gåsland, rektor ved Rubbestadnes.

Eg må være heilt ærleg og seia at dette er paradoksalt.

Per Gåsland, rektor ved Rubbestadnes vidaregåande skule

Men opplæringsdirektør Svein Heggheim forsvarar forslaget. Bømlo vidaregåande skule har betre bygningsmasse og eignar seg betre til utviding, meiner han.

– Ingen kan ta frå Rubbestadnes at dei har scora godt på gjennomføringsmål. Det er ein suksessmodell for vidaregåande opplæring. Dette er det som er vanskeleg. Nokre grep er mindre hyggjelege å gjera. Men vi kan ikkje starte med unntak slik, seier han til NRK.

Vil ikkje smørja tynt

– Vi ser at alternativet ville ha vore å lage eit tynnare tilbod. Ein skule på Bømlo er det vi klarer å få til. Så får vi sjå på løysingar for det yrkesfaglege programmet, held han fram.

Han meiner det er ein dårleg strategi å «smørja tynt utover». Etne vidaregåande kan til dømes leggjast ned fordi det er kort veg til Ølen i Rogaland, meiner opplæringsdirektøren.

– Vi har ein krevjande skulestruktur. 43 skular er nest mest i landet. Allereie i dag vil mange skuleleiarar meine det er knappe økonomiske rammer, seier Heggheim.

Trur på kamp

Marion Kallevik

VIL KJEMPA: Rektor Marie Kallevik i Etne. Bak sit fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

Foto: SØLVE RYDLAND

Rektor Marion Kallevik ved Etne vidaregåande skule vil gjerne samarbeida tettare med Ølen, men ho trur det blir kamp lokalt for å halda på skulen.

– Etne vidaregåande skule er den største kompetanseverksemda i Etne. Den har utvikla seg radikalt dei siste seks åra med eit enormt auka elevtal. Elevane gjev oss klare tilbakemeldingar på at dei trivst, ved at det er lite fråfall, seier Kallevik.