Hopp til innhold

– Kanskje AUF ser på ungdommen som billege aksjar

Hordaland AUF tok ti kroner per medlemskap, og auka medlemsmassen med 33 prosent. – Kanskje dei ser på ungdommen som billege aksjar som skal utviklast til framtidige stjerner, seier politikkforskar.

AUFs sommerleir på Gulsrud 2014

BILLEG VERVING: Hordaland AUF fekk 271 fleire medlemmer i fjor. Biletet er frå AUFs sommerleir på Gulsrud i fjor.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

AUF har ved fleire høve fått kritikk for sine vervekampanjar.

LES OGSÅ: AUF beklager drøy medlemsverving

No seier ungdom i Bergen at dei har blitt verva då dei trudde dei skreiv under på eit opprop for betre stipendordningar.

– Vi sat ein gjeng og diskuterte i klassen, så kom det ei jente inn og forklarte at det var for å støtte eit stipend for eit eller anna. Eg hadde ikkje tenkt på å bli medlem av eit politisk parti, seier Sjur Folgerø (15).

Verveblokk

VERVESKJEMA: Dette er verveskjemaet.

Foto: AUF i Hordaland

Han er eit av 271 nye medlemmer fylkeslaget i Hordaland verva i fjor. Det medfører ei auke i medlemstalet på 33 prosent.

Medlemskapen kostar ti kroner.

– Det var veldig billeg, konstaterer Folgerø.

– Vi ønskjer at terskelen skal vera låg

Øystein Hassel, som gjekk av som fylkesleiar i Hordaland AUF i januar, men var leiar under fjorårets kampanje, meiner det står tydeleg på skjemaet dei har delt ut at det gjeld innmelding.

– Ingen skal bli innmeldt i AUF utan å vite kva dei meldar seg inn i, seier han.

– Kvifor er prisen så låg?

– Vi ønskjer at terskelen for å prøve ut politikk, og melde seg inn i eit ungdomsparti, skal vera låg, svarar Hassel.

– Kan hende dei ser det som billege aksjar

Jacob Aars

– BRA MED LÅG TERSKEL: Det meiner Jacob Aars ved UiB.

Foto: Uni Rokkansenteret

Ifølgje leiinga i Hordaland er ikkje verving på ungdomsskulane organisert av dei, men av eksisterande einskildmedlemmar.

Så lenge det går klart fram at dei som blir verva blir med i eit politisk parti, og det dei blir lokka med er reelt, er ikkje den låge kontingenten noko problem, meiner forskarane.

– Det kan vere ein god ting at terskelen er låg for å bli med i eit politisk parti. Viss ein blir dratt med i ung alder, så er sannsynet større for at ein deltek også på eit seinare tidspunkt, seier Jacob Aars ved Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitskap ved UiB.

Bjarte Folkestad ved Rokkansenteret seier imidlertid at det er mogleg å sjå på vervinga som billeg kjøpt påverknadskraft for politiske parti.

– Samstundes kan det hende ein også ser det som billege aksjar som skal auke i verdi og utviklast til å bli framtidige leiestjerner i partiet, seier Folkestad.

LES OGSÅ: 22. juli-effekten held fram