Hopp til innhold

22. juli-effekten held fram

Tre år etter 22. juli er ungdom framleis meir politisk engasjert enn det dei var før terroren råka landet. I Rogaland har AUF hatt ei tredobling, og stadig nye kjem til.

AUFs sommerleir på Gulsrud 2014

Ap-leiar Jonas Gahr Støre besøkte AUF sin sommarleir på Gulsrud i midten av juli. Den veks kvart år i takt med medlemsmassen.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

På kontoret til Rogaland AUF viser organisatorisk nestleiar, Antonia Kvalsvik, fram løpesetlane som skal lokke fleire ungdomar til ungdomspartiet. Men det er ikkje alltid at dei må bruke tid på å overtyde ungdomen om å bli medlem.

Antonia Kvalsvik

Organisatorisk nestleiar i Rogaland AUF, Antonia Kvalsvik, kan fortelja om at medlemstalet deira har auka frå 300 til 900 dei siste åra.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Berre i dag har eg fått inn to meldingar om folk som vil vera med i AUF, fortel ho.

Mange engasjerte ungdomar har teke kontakt sidan 22. juli, og verveblokkene blir stadig fylt ut med nye namn. Sidan 22. juli har fylkeslaget gått frå 300 til 900 medlemmar.

– Det var mange som sa at medlemsveksten me hadde i AUF for tre år sidan berre var ein kortvarig effekt etter 22. juli, og at medlemstala ville gå ned att. Men dei har berre auka, auka og auka, fortel Kvalsvik.

– Meir makt til ungdommane

Og det er ikkje berre i Rogaland at fleire ungdommar vil engasjere seg.
Nasjonalt hadde AUF 9.600 medlemmar før 22. juli 2011, dei siste åra har medlemstalet låge stabilt på godt over 13 000. AUF Hordaland hadde 750 medlemmar i 2011, og håpar å nå 1000 medlemmar i år.

Eskil Pedersen, leder i AUF.

Eskil Pedersen meiner ungdom har fått meir makt etter 22. juli.

Foto: Knutsen, Marius / SCANPIX

Mange av dei som melde seg inn rett etter 22. juli har blitt verande, fortel leiar i AUF, Eskil Pedersen.

– Veldig mange av dei som melde seg inn som eit svar på terrorhandlingane har nå blitt aktive AUF-arar. Dette fører til at me får større innverknad i moderpartiet, noko me både nyttar i fylka og nasjonalt, fortel han.

Han meiner at AUF har hatt større gjennomslagskraft dei siste åra.

– Dette gir igjen meir makt til ungdommar, noko eg meiner er bra, seier Pedersen.

– Trur du det bidreg til at fleire ungdomar vil engasjere seg?

– Ja, når ungdom opplev at ungdom faktisk kan påverka, og er med og bestemmer, så trur eg at det gjer terskelen lågare og lysten større på å melde seg inn i eit politisk parti, seier Pedersen.

22. juli-effekt i andre parti

Den såkalla 22. juli-effekten har halde fram også i Unge Høyre, seier leiar Kristian Tonning Riise.

– Medlemstala har auka ganske mykje kvart år etter terroren ramma oss. Mange ungdom kjende nok eit behov for å engasjera seg, derfor melde folk seg inn i dei partia dei var mest samde i, fortel Riise. Dette førte til at Unge Høgre dobla medlemstala sine i 2011.

Også i FpU er medlemstalet høgare enn for tre år sidan.

– Vi merka ei enorm auke i 2011 og sat medlemsrekord da. Sidan det har vi hatt ein nedgang, men ei stor auke det siste året. Medlemstalet er høgare nå enn før 2010, seier FpU-leiar Atle Simonsen.

– Ungdomspartias rolle vart sat meir på dagsorden, og mange har fått vite meir om korleis dei fungerer. Ein del ungdom ville svara på det som skjedde ved å engasjera seg, legg han til.

Meir engasjert

Tilbake på kontoret til AUF i Rogaland viser Antonia Kvalsvik bilete frå årets sommarleir. Aldri før hadde så mange delteke frå Rogaland.

Sjølv var ho ikkje med i år, men ho var på Utøya i 2011. Hendinga har styrka hennar engasjement.

– Eg vil ha med fleire og visa at me kan utretta ting, sjølv om dette berre er ein ungdomsorganisasjon. Me har fått fleire medlemmar. Nå høyrde du at det small inn ei ny melding på telefonen, så det er nok ein til som vil vera med, seier ho nøgd.