Hopp til innhold

– Konflikthandteringa på DNS har vore for dårleg

Granskingsrapport gir Den Nationale Scene i Bergen kritikk for måten dei handterer konfliktar på. – For nokon av dei tilsette er det ikkje eit forsvarleg psykososialt klima på DNS.

DNS

PRESSEKONFERANSE: Styreleiar Siren Sundland, advokat Toril Wik frå advokatfirmaet Dialog Advokater og teatersjef Agnete Haaland møtte pressen klokka 11.00 i dag for å legga fram resultatet av den siste granskingsrapporten.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

Rapporten som går nærare inn på den påståtte fryktkulturen blei i føremiddag lagt fram på ein pressekonferanse.

29 tilsette og tidlegare tilsette er intervjua i den eksterne granskinga. 17 av desse har kome med negative kommentarar om Ringstad.

– For nokon av dei tilsette er det ikkje eit forsvarleg psykososialt klima på DNS, eller ytringsklima, seier advokat Toril Wik.

Ho konkluderer med at det ikkje er nokon fryktkultur elle mobbing på teateret, men at det er for lite konkrete retningslinjer og rutinar for konflikthandtering.

– Det er lite kunnskap om rutinane og korleis dei skal brukast. Dette er det viktigaste læringspotensial for heile teateret, både for leiing og alle andre, seier Wik.

Skal få nye rutinar

– Eg beklagar at arbeidsmiljø og ytringsklima ikkje har vore godt nok. Me skal få nye rutinar og skolera heile huset, seier teatersjef Agnete Haaland.

Dei tilsette fekk presentert resultatet av granskinga på eit allmøte, ingen av dei ville snakka med pressa etterpå.

Sa opp i protest

Kommunikasjonsdirektør Finn Bjørn Tønder sa i fjor haust opp i protest mot direktør Bente Hartveit Ringstad ved DNS.

Han meinte at ho hadde ein manipulerande og diktatorisk leiarstil, og skulda ho også for dokumentforfalsking.

Advokat Toril Wik frå advokatfirmaet Dialog Advokater blei hyra inn av styret på teateret for å granska skuldingane mot direktøren.

I desember i fjor kom den første granskingsrapporten, som konkluderte med at direktør Ringstad ikkje hadde gjort noko som var i strid med lov og regelverk.

Dyr gransking

DNS hadde fram til mars brukt 1.2 millionar på PR og advokattenester på den intern konflikten.

– Dette er ein helt nødvendig bruk av pengane. Dette er inkludert alle utgiftene vi har hatt, og eg håper at vi snart er ferdig, sa teatersjef Agnete Haaland til NRK tidlegare.